Færre arbeidslause på Sunnmøre

Arbeidsløysa går no ned for tredje månad på rad, og størst er nedgangen no i juni.

Publisert 01.07.16

Møre og Romsdal

Arbeidsløysa i landet og Møre og Romsdal er no 2,9 prosent. Rogaland og Hordaland, dei andre Vestlandsfylka med mykje oljerelatert industri, går andre vegen og har fått fleire utan arbeid.

Det er utviklinga på Sunnmøre som gjer at fylket nå har færre ledige enn sist månad. Samanlikna med sist månad er det no 130 færre utan arbeid på Sunnmøre, mens det er 6 færre på Nordmøre. I Romsdal har det blitt 37 fleire utan arbeid den siste månaden, seier assisterande fylkesdirektør Ørjan Haram. 

I juni  2016 er det 4 164 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer til 2,9 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 26,3  prosent frå same månad i fjor.

I juni 2016 har vi 753 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 229 fleire enn i juni 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 917 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,2 prosent for kvinner og 3,5 prosent for menn.

I landet er det 80 965 heilt arbeidslause. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 4,7  prosent samanlikna med same periode i fjor.

 Sjå heile pressemeldinga frå NAV Møre og Romsdal her.