Færre arbeidslause

Arbeidsløysa justert for vanlege sesongsvingningar har nå gått ned 2 månadar på rad. Utviklinga den siste månaden har vore betre i Møre og Romsdal enn i resten av landet.

Publisert 15.03.17

Møre og Romsdal

Framleis er det i Kristiansund samt i Herøy, Ulstein og Hareid vi har dei høgaste arbeidsløysetala.

Vi er blant dei fylka som har vore råka hardast av oljenedturen, og derfor har vi fått økonomiske rammer til å auke bruken av tiltak, spesielt mot prioriterte grupper som ungdom og innvandrarar. Dette har vi grepe fatt i og vi har nå over 1 100 arbeidssøkjarar på tiltak, ei auke på 333 sidan i fjor på denne tida, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I februar  2017 er det 4 802 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,4 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 4,1 prosent frå same månad i fjor.

I februar 2017 har vi 1 114 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 333 fleire enn i februar 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 916 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,3 prosent for kvinner og 4,3 prosent for menn.            

I landet er det 84 802 heilt arbeidslause. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 6,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.