Færre arbeidslause

Arbeidsløysa justert for vanlege sesongsvingningar har nå gått ned 4 månadar på rad, og vi må heilt tilbake til januar 2016 for å finne lågare sesongjustert arbeidsløyse. Vi har også hatt ei betre utvikling her i fylket enn i resten av landet, og vi har nå under 0,2 prosentpoeng høgare arbeidsløyse enn landet.

Publisert 03.05.17

Møre og Romsdal

Nedgangen vi ar hatt i arbeidsløysa i år vert også understøtta av resultata frå årets bedriftsundersøking. Kort oppsummert viser NAV sin bedriftsundersøking for 2017 ei betring i arbeidsmarknaden. Det er fleire bedrifter som trur på auke i arbeidsstokken samanlikna med dei siste par åra. Det er også større mangel på arbeidskraft og bedriftene har noko større utfordringar med å rekruttere ønska arbeidskraft. Dette gjeld både i Møre og Romsdal og i landet samla, og er alle indikasjonar på at vi er inne i ei tid med fallande arbeidsløyse, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I april  2017 er det 4 273 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,0 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 7,3 prosent frå same månad i fjor.

I april 2017 har vi 1 251 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 382 fleire enn i april 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 524 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 3,8 prosent for menn.

I landet er det 78 212 heilt arbeidslause. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 8,5 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemelding frå NAV Møre og Romsdal her.