Færre arbeidsledige i Møre og Romsdal

Den gode trenden held fram. 400 færre ledige i mai.

Publisert 01.06.18

Møre og Romsdal

— Det er sjølvsagt positivt at pilene peiker rett veg trass i at det framleis er utfordringar i den maritim næringa, seier regiondirektør Torill Ytreberg i NHO Møre og Romsdal. 

Likt med landssnittet
Fredag kom dei ferske ledighetstala frå NAV i mai og dei viser at Møre og Romsdal no er på landssnittet på 2,2 prosent når det gjeld arbeidsløyse. Det er vel 400 færre ledige i mai enn månaden før. 

Den samanhengande nedgangen av arbeidslause sidan januar 2017 held dermed fram.

Torill Ytreberg, regiondirektør NHO Møre og Romsdal 

Torill Ytreberg

Søre slit litt
Det er kommunane på søre Sunnmøre som har den høgste ledigheten av kommunane i fylket; Hareid (4,5%), Herøy (4,2%) og Ulstein (3,5%). 

— Dette er kommunar med stor sysselsetting innan verftsindustrien, og ledighetstala gir oss ein peikepinn om at næringa ikkje er heilt oppe på nivået der vi ønsker dei skal vere, seier Torill Ytreberg. 

Vesle Nordal kommune på Sunnmøre er den kommuna i fylket med lågast ledighet. Seks personar - eller 0,7 prosent av arbeidsstyrken - er utan jobb. 

Av dei største byane i fylket er det Kristiansund som har den høgaste arbeidsløysa med 3,2 prosent, medan Ålesund har 2,2 prosent og Molde 1,8 prosent. 

NAV vil hjelpe fleire
I mai 2018 er det 1 116 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak.  Det er 115 færre enn i mai 2017. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 183 personar i fylket. 

— Samanlikna med landet har vi hatt ei noko betre utvikling i denne perioden frå 2017, og vi har no same arbeidsløyse her som ellers i landet, skriv fylkesdirektør i NAV, Stein Veland, i ei pressemelding.

— Om marknaden held seg som nå framover trur eg vi vil greie å hjelpe fleire ut i jobb, og gjennom det bidra til at arbeidsløysa fortsatt får ei god utvikling, seier Veland.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er 1,8 prosent for kvinner og 2,5 prosent for menn.