Pressemelding frå NAV

Fleire utan arbeid dei siste månadane

I pressemeldinga for januar skreiv eg at eg var usikker på om arbeidsløysa i år ville fylja den normale sesongutviklinga med eit fall i arbeidsløysa frå januar og fram mot sommaren. Vi ser av talla at arbeidsløysa har fått ein sving opp nå i april, og det er mest like mange personar som er utan arbeid nå som det var i januar. Tek vi omsyn til desse normale sesongvariasjonane har vi, som figuren rett under syner, ei auke i arbeidsløysa tilsvarande 300 personar dei siste månadane. Arbeidsløysa er ganske jamn i fylket, med ei arbeidsløyse på 2,4 prosent i Romsdal, 2,5 prosent i Sunnmøre og 2,6 prosent i Nordmøre, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 04.05.15

Møre og Romsdal

I april  2015 er det 3 479 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,5 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 18,1  prosent frå same månad i fjor.

I april 2015 har vi 666 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 106 færre enn i april 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 145 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 2,9 prosent for menn.             

I landet er det 81 569 heilt ledige. Dette er 3,0 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 9,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.