Fortsatt auke i arbeidsløysa i Møre og Romsdal

Denne månaden har vi hatt ei auke i arbeidsløysa på nærare 200 når vi tek omsyn til dei normale sesongvariasjonane. Med bakgrunn i dei utfordringane me nå ser i vårt fylke er auka omtrent som forventa. Det er spesielt i mannsdominerande yrke at arbeidsløysa aukar. Den siste månaden er aka i bygg og anlegg 85,innan industriarbeid er auka 67 og innan ingeniør og ikt er auka siste månaden på 15. Vi har nå 1301 ledige kvinner og 2656 ledige menn. Med tanke på varsel oppseiingar og permitterte i oljerelaterte næringar, samt ringverknadar av dette, trur vi arbeidsløysa vil halde fram med å stige resten av året og i starten på 2016, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 07.12.15

Møre og Romsdal

I november  2015 er det 3 957 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,8 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 40,2  prosent frå same månad i fjor.

I november 2015 har vi 601 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 94 fleire enn i oktober 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4558 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 3,5 prosent for menn.                                                                                 

I landet er det 79 159 heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 11,5  prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.