Publisert 30.10.15
Møre og Romsdal
I oktober 2015 er det 3 782 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,7 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 35,4 prosent frå same månad i fjor.
I oktober 2015 har vi 515 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 70 fleire enn i oktober 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 297 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 3,2 prosent for menn.
I landet er det 79 974 heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.