Framleis stabil arbeidsløyse

Arbeidsløysa dei siste månadane har vore svært stabil. Korrigert for normale sesongsvingningar har den vore rett over eller under 3 050. Men no når arbeidsløysa har vore noko høgare i år enn dei to førre åra ser vi at det er fleire som er ledige lenge. Blant dei me reknar som langtidsledige, altså samanhengande ledig i over 26 veker har me 704 personar, 99 fleire enn i fjor på denne tida. Ser vi blant dei som har vore ledige i over 81 veker er utviklinga endå klarare, der har auka det siste året vore på 63 prosent, frå 64 til 104, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 01.12.14

Møre og Romsdal

I november 2014 er det 2823 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,1 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 3,8 prosent frå same månad i fjor.

I november 2014 har vi 507 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 294 færre enn i november 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3330 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 1,9 prosent for kvinner og 2,2 prosent for menn.

I landet er det 71 008 heilt ledige. Dette er 2,6 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 4,1 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Les heile pressemeldinga frå NAV her.