NAV Pressemelding

Høgare arbeidsløyse påverkar bedriftene

I følgje årets bedriftsundersøking har det vore færre bedrifter som ikkje har lukkast med å rekruttere arbeidskraft samanlikna med i fjor. Ei forklaring kan være at det no er nokre fleire utan arbeid. Det er fleire bedrifter som ventar ein reduksjon i arbeidstokken det neste året samanlikna med kva bedriftene svara i fjor, og det er et argument for at arbeidsløysa ikkje kjem til å gå ned. For meir informasjon om årets bedriftsundersøking sjå vedlagt undersøking for både fylket og landet, samt ei kort oppsummering i eiga pressemelding, seier Stein Veland, Fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.

Publisert 03.06.14

Møre og Romsdal

I mai 2014 er det 2 881 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,1 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 9,4 prosent frå same månad i fjor.

I mai 2014 har vi 668 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 271 færre enn i mai 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 549 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 2,2 prosent for menn.

I landet er det 72 495 heilt ledige. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,6 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Les heile pressemeldinga her.