Pressemelding frå NAV Møre og Romsdal

Høgare arbeidsløyse

Dei siste to månadene har arbeidsløysa korrigert for normale sesongsvingningar auka. Figuren under viser at auka har vore stor nok til å ta igjen fallet vi har hatt i arbeidsløysa gjennom dei første månadene i 2014. Den nedste figuren viser utviklinga av faktisk arbeidsløyse dei siste åra, og som i dei førre åra ventar vi no ei auke i faktisk arbeidsløyse neste månad.

Publisert 27.06.14

Møre og Romsdal

I juni 2014 er det 2 938 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,1 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 9,4 prosent frå same månad i fjor.

I juni 2014 har vi 483 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 257 færre enn i juni 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 421 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 2,2 prosent for menn. 

I landet er det 73 458 heilt ledige. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.