Pressemelding frå NAV

Juli 2015: Fortsatt auke i arbeidsløysa

Det er vanleg at faktisk arbeidsløyse stig ganske mykje frå juni til juli. Det gjer den og i år, og auka er noko høgare enn normalt. Meir presist er auka den siste månaden korrigert for dei vanlege sesongvariasjonane på litt over 80. Det gjer at arbeidsløysa det siste året har auka med 18 prosent i Møre og Romsdal, noko meir enn dei 7 prosenta som er auka i heile landet.

Publisert 31.07.15

Møre og Romsdal

For å gje eit meir detaljert bilde av utviklinga i arbeidsmarknaden har vi nå utvida pressemeldinga til å også syne oversikt over alder og yrkesbakgrunn til dei arbeidslause, samt utviklinga det siste året innan desse gruppene. I tillegg tar vi med utviklinga i stillingsmarknaden, det vil seie kor mange stillingar det har vore tilgang på den siste månaden, seier fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal, Stein Atle Veland.

I juli  2015 er det 3 814 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,7 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 18,0  prosent frå same månad i fjor.

I juli 2015 har vi 310 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 89 fleire enn i juli 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 124 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,6 prosent for kvinner og 2,9 prosent for menn.

I landet er det 85 362 heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.