Lågaste arbeids-løyse på 2 år

Den gode utviklinga vi har hatt på arbeidsmarknaden i første halvdel av 2017 held fram også frå juli til august. I Møre og Romsdal har vi nå lågare arbeidsløyse enn det vi hadde for 2 år sidan.

Publisert 01.09.17

Møre og Romsdal

Det har også vore god utvikling i landet i same periode, og arbeidsløyseprosenten i landet ligg framleis 0,1 prosentpoeng lågare enn arbeidsløysa i vårt fylke. Arbeidsløysa fell siste månedan både på Nordmøre, på Sunnmøre og i Romsdal. På Nordmøre er det god utvikling i dei fleste kommunane, og område har fått færre arbeidslause den siste månaden tross at det er blitt fleire arbeidslause i Kristiansund.

I tillegg til dei vanlege oversiktane i tidlegare pressemeldingar, har vi nå utvida med oversikt over utvikling på aldersgrupper, spesielt på ungdom under 30 år, samt arbeidsløysa fordelt på yrke. Det har vore ei lita auke i talet på ledige under 30 år den siste månaden. Denne aldersgruppa har likevel hatt ei god utvikling over tid, og samla for alle under 30 år har reduksjonen det siste året vore over 17 prosent. Blant yrker er det størst prosentvis fall i arbeidsløysa innan yrkene ingeniør og IKT-fag, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I august  2017 er det 3 895 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,8 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 14,8 prosent frå same månad i fjor.

I august 2017 har vi 903 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 344 fleire enn i august 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 798 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,2 prosent for kvinner og 3,2 prosent for menn. 

I landet er det 73 918 heilt arbeidslause. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 12,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.