Pressemelding NAV

Lita auke i arbeidsløysa

Det har i samfunnsdebatten dei siste vore mykje fokus den reduserte aktiviteten i oljebransjen, permitteringsvarslar og aukande arbeidsløyse . Det er derfor gledelig å sjå at faktisk arbeidsløyse fell med nesten 200 frå april til mai. Dei sesongjusterte tala, som er rekna ut etter korleis arbeidsløysa har svinga gjennom sesongen fleire år tilbake i tid viser likevel ein liten auke på rett over 50. Men samanlikna med dei to siste åra er utviklinga frå april til mai i år betre enn både i 2013 og 2014, noko som har overraska meg positivt, seier fylkesdirektør Stein Atle Veland.

Publisert 29.05.15

Møre og Romsdal

I mai  2015 er det 3 205 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,3 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 11,2  prosent frå same månad i fjor.

I mai 2015 har vi 629 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 39 færre enn i mai 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 834 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 2,6 prosent for menn.                                     

I landet er det 74 994 heilt ledige. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 3,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Grunna ein feil på nasjonalt nivå var tala i pressemeldinga for april for høge. Det var oppgjeve 81 569 ledige i landet og  3479 i Møre og Romsdal, men etter at feilen blei oppdaga  viser det seg at dei rette tala var 79 636 og 3396. Dei rette tala for april for landet, fylker og kommunar finn ein til slutt i denne pressemeldinga. Direktoratet har også lagt ut ei lita nyheitssak om dette på nav.no

Sjå heile pressemeldinga her.