Lita endring i arbeidsløysa

Denne månaden har arbeidsløysa justert for normale sesongvariasjonar auka med 25, altså har vi omtrent den same arbeidsløysa nå som for ein månad sidan. Vi ser at dei tre kommunane på Sunnmøre som har hatt høg arbeidsløyse , Herøy, Ulstein og Hareid, også er blant dei som stig mest denne månaden. I tillegg til desse tre er det Kristiansund som har hatt høgast arbeidsløyse, men der ser vi ikkje noko forverring i arbeidsløysa denne månaden.

Publisert 23.12.16

Møre og Romsdal

Framover ventar vi at arbeidsløysa vil halde seg på omtrent dette nivået, og kanskje auke noko i vintermånadane før vi ventar ei utflating og kanskje nedgang mot slutten av 2017. Januar er ein månad som vanlegvis har mange ledige, og når neste pressemelding kjem fredag 2. februar blir vi ikkje overraska om vi får over 5000  ledige,, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I desember  2016 er det 4 440 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,1 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 8,9 prosent frå same månad i fjor.

I desember 2016 har vi 955 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 294 fleire enn i desember 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 395 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 4,0 prosent for menn.

I landet er det 78 556 heilt arbeidslause. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 2,8 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.