Lita endring i den sesongjusterte arbeidsløysa

Vi ventar at arbeidsløysa vil halda seg høg fram mot sommarferien. Det at verft i fylket har fått nokre større kontraktar vil etter det vi forstår ikkje materialisera seg i vesentlig auke i behov av arbeidskraft før ut på hausten, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 03.02.17

Møre og Romsdal

Talla syner at arbeidsløysa justert for vanlege sesongjusteringar er omtrent uendra frå desember til januar. Ser vi over eit år så har landet fått ein reduksjon i arbeidsløysa på over 5 prosent, medan vi aukar med over åtte prosent. Utviklinga siste månad er også noko betre i landet enn i vårt fylke. Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre har no nær identisk prosentvis arbeidsløyse, medan vi ser ein stor skilnad mellom kommunane kor me har Hareid med 6,3 prosent og Rindal heilt nede på 1,1 prosent arbeidslause.

I januar  2017 er det 5 108 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,6 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 8,2 prosent frå same månad i fjor.

I januar 2017 har vi 994 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 324 fleire enn i januar 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 6 102 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 4,6 prosent for menn.

I landet er det 88 238 heilt arbeidslause. Dette er 3,2 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 5,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.