Mange får jobb trass aukande arbeidsløyse

1300 har gått ut av arbeidsløysa i Møre og Romsdal i januar.

Det kjem no fleire i jobb enn det blir arbeidsledige (Illlustrasjonsbilde).

Publisert 26.02.16

Møre og Romsdal

Ingen dramatisk auke i langtidsledige

Trass i ei ny auke i arbeidsløysa på rundt 100 personer, når en tek omsyn til normale sesonsvingningar, er det framleis mange som kjem i arbeid.

Utvikling fra januar til februar i Møre og Romsdal

  • 1200 nye arbeidslause
  • Talet på ledige gjekk ned med over 100 personer

Status for februar

- Det siste året er det heller ikkje vore noko dramatisk auke i langtidsledige (over 6 mnd), der vi det siste året har ei auke på 293 opp til 1044. Dette er auke på linje med den generelle auka i arbeidsløysa og utgjer knapt 23 prosent av dei ledige , seier fylkesdirektør Stein Veland.

  • 4 612 personar heilt utan arbeid
  • 3,3 prosent av arbeidsstokken uten arbeid.
  • Auke på arbeidsløysa på 34,2  prosent frå same månad i fjor.
  • 781 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 197 fleire enn i februar 2015.
  • Brutto arbeidsløyse på 5 393 personar i fylke.
  • Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 4,1 prosent for menn.     

I landet er det 90 903 heilt arbeidslause. Dette er 3,3 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 11,5  prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her