Miljøfyrtårndagen

Møre og Romsdal fylkeskommune har, i samarbeid med Molde kommune, Tingvoll kommune, Ålesund kommune, ÅRIM og BalansePluss, gleda av å invitere til Regional Miljøfyrtårndag i Ålesund og Tingvoll.

Publisert 03.03.14

Møre og Romsdal

Ålesund 2. april og Tingvoll 3. april 2014

Målgruppa for arrangementet er private og offentlege verksemder, konsulentar, sertifisørar, miljøfyrtårnansvarlege og andre med interesse for miljøleiing.
Denne dagen sett vi søkelyset på korleis miljø- og samfunnsengasjement kan bidra til utvikling og auka lønnsemd i verksemda di. Du kan glede deg til ein matnyttig dag med inspirasjon, nyttig kunnskap og ei praktisk tilnærming til moglegheiter og utfordringar.
Miljøfyrtårn er ei lønnsam, konkret og enkel sertifisering for bedrifter og kommunar. Sertifiseringsordninga har vist seg spesielt lønnsam med omsyn til redusert sjukefråvere og energisparing.
Dagen vil innehalde tema som er relevante både for verksemder som ønskjer å bli Miljøfyrtårn-sertifisert og verksemder som allereie er sertifisert:

  • Kvifor og korleis bli Miljøfyrtårn-sertifisert?
  • Lokal og regional tilrettelegging for sertifisering.
  • Gode eksempel frå Miljøfyrtårn-sertifiserte verksemder.
  • Inspirasjon til større miljøinnsats!