Pressemelding frå NAV

Mindre auke i arbeidsløysa enn frykta

Med tanke på utviklinga i arbeidsmarknaden hadde vi frykta ei større auke i arbeidsløysa enn det vi nå ser ved utgangen av september. Når vi tek omsyn til vanlege svingingar gjennom året har vi den siste månaden hatt ei auke på 75, klart mindre enn auka de to føregåande månadene. Det er ei faktisk nedgang på 410 ledige frå august. Arbeidsløysa ved utgangen av september er lågare enn frykta og talla over arbeidsløysesprosenten viser at utviklinga er betre i Møre og Romsdal enn i landet siste månaden. Men vi er samtidig realistiske, og vi regner med ei auke i arbeidsløysa det neste halvåret , seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 05.10.15

Møre og Romsdal

Denne månaden tek vi  med ei oversikt over utviklinga blant dei som er delvis ledige, på tiltak, heilt permitterte og delvis permitterte. Figurane i pressemeldinga syner at alle desse gruppene har auka samanlikna med i fjor, spesielt andelen permitterte er høgare i nå.

I september  2015 er det 3 589 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,6 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 24,7  prosent frå same månad i fjor.

I september 2015 har vi 471 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 129 fleire enn i september 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 060 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 3,0 prosent for menn.

I landet er det 79 623 heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.