Pressemelding frå NAV

Nedgang i arbeidsløysa

Etter at vi har hatt ei auke i arbeidsløysa, justert for vanlege sesongsvingningar, i mai og juni, ser vi no at arbeidsløysa den siste månedan er redusert. Fortsatt er Møre og Romsdal blant dei fylka som har lågast arbeidsløyse, og ser vi på det siste året har arbeidsløysa i Møre og Romsdal stege mindre enn for landet totalt.120 av dei ledige er permitterte, det er en nedgang på 22 prosent samanlikna med i fjor.

Publisert 01.08.14

Møre og Romsdal

I juli 2014 er det 3232 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,3 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 4,2 prosent frå same månad i fjor.

I juli 2014 har vi 221 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 180 færre enn i juli 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 453 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,5 prosent for kvinner og 2,3 prosent for menn.

I landet er det 79 647 heilt ledige. Dette er 3,0 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 6,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.