NHOs NæringsNM 2014 – Møre og Romsdal

NHOs NæringsNM måler og samanliknar næringsutviklinga i fylker, regioner og kommunar. NHOs NæringsNM er basert på bedriftene sin vekst og lønnsemd, nyetableringar og næringslivets storleik. Rangeringa gir uttrykk for kvar i landet næringslivet gjer det best. I NHOs NæringsNM ser ein også kva kommunar, fylker og regioner som har den beste utviklinga det siste tiåret.

Publisert 26.01.15

Møre og Romsdal

Møre og Romsdal sine plasseringar i NæringsNM 2014 på regionsnivå

20. plass – Ålesundsregionen (Skodje, Ålesund, Haram, Sandøy, Sula, Giske)
30. plass – Søre Sunnmøre (Ulstein, Vanylven, Sande, Herøy, Hareid, Volda, Ørsta)
40. plass – Romsdal (Molde, Nesset, Rauma, Midsund, Vestnes, Fræna, Aukra)
55. plass – Storfjord (Stranda, Sykkylven, Ørskog, Norddal, Stordal)
60. plass – Nordmøre (Kristiansund, Rindal, Smøla, Halsa, Sunndal, Tingvoll, Gjemnes, Frei, Averøy, Eide, Surnadal) -
av 83 regionar i landet.

 Rangeringa på regionsnivå syner at tre av fem regionar i Møre og Romsdal ligg på øvre ”halvdel” av regionrangeringa.

Presterer svært bra over tid
Sjølv om ingen av dei fem regionane i fylket er på topp ti i årets NæringsNM kjem regionane i Møre og Romsdal svært godt ut i eit tiårs-perspektiv. Søre Sunnmøre er her rangert som nummer 8, Ålesundsregionen som nummer 10 og Romsdal som nummer 13 av 86 regionar. Regionane i Møre og Romsdal har høg og aukande sysselsetting. På landsbasis er høg og aukande sysselsetting ei følgje av god næringsutvikling.

 Små endringar – store utslag
Elles viser NHO-statistikken at små utslag i måleindikatorane gir store utslag. To konkrete eksempel er Rauma og Aukra kommune. Medan Aukra fell 283 plassar på årets rangering mot fjoråret, gjer Rauma eit byks på 140 plassar.

 Det må vektleggjast at NæringsNM har, som i namnet, fokus på næringsliv. Skodje er eksempel på ei kommune som kjem dårleg ut i kåringa men som er ei viktig bu-kommune i fylket. Mange pendlar ut av Skodje til Ålesund og Haram der næringslivsaktiviteten er i ein heilt annan skala.

Lønnsemd
I kategorien ”lønnsemd” kjem Sula kommune best ut på landsbasis. På regionnivå kjem Søre Sunnmøre (34. plass) og Ålesundsregionen (36. plass) best ut.

Vekst
Veksttala for næringslivet i kommune viser stor variasjon frå år til år. Berre to av dei fem regionane i fylket er blant dei 50 beste i kategorien ”vekst”. Dette er Romsdal (48. plass) og Søre Sunnmøre (50. plass). I kategorien kjem Aure (48. plass) og Sandøy (54. plass) best ut på kommunenivå. Eit felles trekk frå NæringsNM 2014 er at Austlandet gjer det betre enn tidlegare år.

Nyetableringar
I kategorien ”nyetableringar” kjem Ålesundsregionen best ut i fylket med på 14. plass. I denne kategorien er Ulstein 18. beste kommune i landet. I andre ende av skalaen er Sykkylven, som kjem dårlegast ut av alle kommunar i kategorien. (I kategorien er berre kommunar med over 100 innsendte rekneskap i 2013.) At mindre kommunar gjer det dårlegare i denne kategorien er eit fellestrekk på landsbasis. Nyetableringar kan sjåast i samanheng med folketalsvekst.

 ”Aukande folketal gir auka etterspurnad og dermed grunnlag for mange nyetableringar i tenestesektoren” heiter det i rapporten. Som eit resultat av dette ser ein at det er høgare nyetableringsaktivitet i og rundt dei store byane.

 Sjølv om Sykkylven kjem dårlig ut i kategorien ”nyetableringar” er det ei viktig næringslivskommune. Møbelindustrien er sentral og dei jobbar stadig med innovasjon i si klyngesatsing. I 2014 blei det etablert eit nytt inspirasjons- og kompetansesenter for møbel i nettopp Sykkylven.

 Storleik
I kategorien ”storleik” gjer Møre og Romsdal det bra. Storfjord (Stranda, Sykkylven, Ørskog, Norddal, Stordal) tek her ein 6. plass, tett følgd av Ålesundsregionen på ein 7. plass. Litt lengre nede, på ein 10. plass finn ein Søre Sunnmøre. På kommunenivå tek Ulstein ein 3. plass. Av dei beste kommunane i denne kategorien finn ein og Molde på ein 16. plass. Både Ulstein og Molde forbetrar seg frå fjorårets NæringsNM då dei hamna på høvesvis 14. og 30. plass. Kommunar som har aukande næringstettheit er kommunar der sysselsettinga i næringslivet aukar raskare enn befolkninga.

 Næringsdriven eller befolkningsdriven vekst?
Nokre stader er befolkningsveksten drivkrafta. Dei siste ti åra har folketalsveksten i Møre og Romsdal vore mindre enn landsgjennomsnittet (Fylkesstatistikken). Det går eventuelt an å supplere med meir informasjon frå Fylkesstatistikken: “Samanlikna med landet er sysselsettinga for begge kjønn og i alle aldersgrupper relativt større i Møre og Romsdal. Av befolkninga i fylket mellom 15 og 74 år er 70,3 prosent sysselsette. Det tilsvarande talet for Noreg er 68,6 prosent. Av kvinner i fylket er 66,7 prosent sysselsette, og blant menn er 73,7 prosent sysselsette. Den høgaste sysselsettingsprosenten i Møre og Romsdal finn vi blant menn mellom 40 og 54 år, her er 89 prosent sysselsette. Talet for kvinner i same aldersgruppe er 84 prosent.”

For meir informasjon sjå NHOs side om kåringa, eller ta kontakt med regiondirektør Torill Ytreberg , mobil 92239175.