Nokre færre utan arbeid

Fortsatt går dei samla tala i fylket rett veg. Vi ser likevel ein del nyansar i dette biletet. Sunnmøre har den mest gledelige utviklinga og Romsdalen held seg nokon lunde stabil. Utviklinga på Nordmøre er jamt over god med eit tydelig unntak i Kristiansund som fekk 34 fleire ledige sist månad.

Publisert 06.09.16

Møre og Romsdal

Det er fortsatt god gjennomstrøyming i arbeidsmarknaden, men me uroar oss noko for at det no er ein tydeleg auke blant dei som har vore samanhengande heilt arbeidslause utover 26 veker. For eit år sidan var det 937 langtidsledige, no er det talet 1 322. Sjølv om arbeidsløysa totalt har auka, har langtidsledige auka meir, slik at andelen langtidsledige har stege frå 23 prosent til 29 prosent det siste året , seier  fylkesdirektør Stein Veland.

I august  2016 er det 4 571 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,2 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 14,3 prosent frå same månad i fjor.

I august 2016 har vi 559 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 225 fleire enn i august 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 130 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,6 prosent for kvinner og 3,8 prosent for menn.

I landet er det 84 669 heilt arbeidslause. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er inga endring samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.