Pressemelding frå NAV

Same sjukefråvær som for ett år sida

Talla syner at sjukefråværet har hatt ei god utvikling dei siste 5 åra, men at det har vore ei utflating dei siste to åra. Sjukefråværet 3. kvartal 2014 på 5,4 prosent er akkurat det same som i 3. kvartal 2013. Tabellen på side to viser utviklinga i dei ulike kommunane og der ser vi at det er fleire kommunar som har redusert sjukefråværet med over 10 prosent det siste året. Blant byane kjem Kristiansund best ut med ein reduksjon i sjukefråværet på heile 13,2 prosent. Dette gjer at Kristiansund i 3. kvartal har hatt et fråvær på 5,7 prosent, ikkje mykje høgare enn Molde på 5,6 prosent og Ålesund på 5,2 prosent, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 15.12.14

Møre og Romsdal

Legemeldt sjukefråvær i Møre og Romsdal var 5,4 prosent ved utgangen av3. kvartal 2014, det same som i 3. kvartal i 2013.

Landet har har også same sjukefråværesprosenten i 3. kvartal 2014 som i 3. kvartal 2013, med ein fråværsprosent på 5,5 prosent.

Sjå heile pressemeldinga her.