Pressemelding NAV

Stabil arbeidsløyse

Den sesongjusterte ledigheita er omtrent den same i mars 2014 som den var i september 2013. Det vil sei at vi har hatt er betre utvikling i Møre og Romsdal enn i resten av landet dei siste 6 månadane, da landet har hatt ei auke på over 2000 i denne perioda. Går vi eit år tilbake i tid har arbeidsløysa i vårt fylke auka med 6 prosent, medan auka i heile landet har vore 10 prosent, seier Stein Veland, Fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.

Publisert 28.03.14

Møre og Romsdal

I mars 2014 er det 3 030 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,2 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 6,3 prosent frå same månad i fjor.

I mars 2014 har vi 799 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 150 færre enn i mars 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 829 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 2,4 prosent for menn.                                                                                                                            

I landet er det 76 925 heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 9,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.