Pressemelding frå NAV

Stabil arbeidsløyse

Arbeidsløysa er framleis stabil etter ein liten reduksjon denne månaden når vi tek omsyn til normale sesongsvingningar. Utviklinga i vårt fylke har vore noko betre enn for landet som heilheit det siste året, vi har hatt ei auke på 3,4 prosent det siste året, mens landet har hatt ei auke på 6,6 prosent i same perioden. Det er også gledelig at sjølv om vi har ei lita auke i talet på ledige det siste året, så har vi ein reduksjon blant dei under 25 år, frå 541 i fjor til 504 i år. Dette er ei prioritert gruppe i NAV og vi jobbar med å få enda fleire tilbake til arbeid, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 06.10.14

Møre og Romsdal

I september 2014 er det 2878 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,1 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 3,4 prosent frå same månad i fjor.

I september 2014 har vi 342 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 228 færre enn i september 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 220 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 2,1 prosent for menn.

I landet er det 74 138 heilt ledige. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 6,6 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.