Pressemelding frå NAV

Stabil arbeidsløyse

Arbeidsløysa dei siste månadane har vore svært stabil. Korrigert for normale sesongsvingningar har den vore rett over eller under 3 050. Med unntak av Sogn og Fjordane som ligg lågast blant fylka med ei arbeidsløyse på 1,65 prosent, så har Møre og Romsdal betre utvikling enn dei andre vestlandsfylka, Rogaland og Hordaland. Hordaland har ei auke på 15,3 prosent det siste året og Rogaland har ei auke på heile 18,8 prosent, mens auka i vårt fylke er på 3,9 prosent i same periode. Det gjer at bare fylka Oppland og Troms, saman med nemnte Sogn og Fjordane har lågare arbeidsløyse enn Møre og Romsdal, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 31.10.14

Møre og Romsdal

I oktober 2014 er det 2794 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,0 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 3,9 prosent frå same månad i fjor.

I oktober 2014 har vi 445 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 244 færre enn i oktober 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 239 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 1,9 prosent for kvinner og 2,1 prosent for menn.              

I landet er det 72 114 heilt ledige. Dette er 2,7 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 6,0 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Les heile pressemeldinga her.