Stabil arbeidsløyse

Vi ser av talla at arbeidsløysa dei siste månadane har vore stabil når ein tek omsyn til dei vanlege sesongjusterte svingingane. Målt i faktisk arbeidsløys har vi som vanleg ei auke frå juni til juli, og dette mønsteret gjentek seg kvart år.

Publisert 08.08.16

Møre og Romsdal

Årsaker til dette er mellom anna avslutningar på skular, vikariat og engasjement som går ut til sommaren og et lågare tiltaksnivå. Sjølv om vi nå har hatt ei minkande arbeidsløyse dei siste månadane, og eit næringsliv som viser stor omstillingsevne, er det framleis fare for nye oppseiingar og fleire permitteringar. Vi er optimistiske med tanke på å skape nye arbeidsplassar i Møre og Romsdal, men det er for tidleg å slå fast at arbeidsløysa har nådd toppen og nå er på veg ned, skriver fungerande fylkesdirektør Hege Beate Skjølberg i ei pressemelding ved NAV Møre og Romsdal.

I juli  2016 er det 4 642 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,3 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 21,7 prosent frå same månad i fjor.

I juli 2016 har vi 526 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 216 fleire enn i juli 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 168 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,7 prosent for kvinner og 3,8 prosent for menn.

I landet er det 87 736 heilt arbeidslause. Dette er 3,2 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 2,8 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.