Pressemelding fra NAV

Svak nedgang i arbeidsløysa

Den sesongjusterte ledigheita er svakt ned frå januar til februar, og vi må tilbake til august før den sesongjusterte ledigheita er like lav som no. Samanlikner vi med februar 2013 har vi nesten 300 fleire utan arbeid i dag, seier Stein Veland, Fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.

Publisert 28.02.14

Møre og Romsdal

Arbeidsløysa har det siste året auka noko mindre i Møre og Romsdal samanlikna med resten av landet. Auka her har vore på 9,8 prosent det siste året, medan den har vore på 11,2 prosent for landet. Vi står framfor ei spanande, men likevel usikker framtid, der store kontrakter innan t.d. skipsbygging/installasjon ender i vårt fylke, samstundes som det er usikkerheit i deler av fiskeindustrien. Vi er også spent på korleis opptrappinga av Ormen Lange Expansion vil påverke arbeidsmarknaden i løpet av vår og forsommar.

I februar 2014 er det 3 078 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,3 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 9,8 prosent frå same månad i fjor.

I februar 2014 har vi 813 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 110 færre enn i februar 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 891 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 2,5 prosent for menn.                                                                                                                   

I landet er det 77 872 heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 11,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.