Uendra arbeidsløyse, fleire på tiltak

Denne månaden har arbeidsløysa justert for normale sesongvariasjonar, ikkje endra seg. Dei siste månadane har det vore ei stor auke i bruk av arbeidsmarknadstiltak for dei som har vore arbeidslause.

Publisert 02.12.16

Møre og Romsdal

I denne gruppa er det nå over 950 i tiltak, noko som svarar til ei auke på over 350 samanlikna med same tid i fjor. Samstundes som dette syner ein stor aktivitet for å få fleire tilbake i arbeid fortel det og at bruttoarbeidsløysa, heilt ledige pluss tiltaksdeltakarar, har auka, og nå i november er på det høgste nivået vi har hatt dei siste 10 åra.

Det er spesielt blant menn at arbeidsløysa har auka mykje, og det er over dobbelt så mange arbeidslause menn som kvinner. Dette har med kva slags bransjar som no har mange utan arbeid. Vi har til dømes 359 (302 menn) ledige ikt-arbeidarar og ingeniørar, 962 innan industriarbeid (819 menn) og 501 (365 menn) innan reiseliv og transport. Innan Bygg og anlegg er det størst forskjell, med 581 menn og bare 18 damer, mens yrker innan helse, pleie og omsorg samt barne- og ungdomsarbeid er flest arbeidslause kvinner, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I november  2016 er det 4 325 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,1 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 9,3 prosent frå same månad i fjor.

I november 2016 har vi 954 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 353 fleire enn i november 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 279 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 3,9 prosent for menn.          

I landet er det 78 157 heilt arbeidslause. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 1,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.