IA-Konferansen: Har arbeidslivet ein plass for alle?

Arbeid er svaret - hva er spørsmålet? Tema på IA-konferanse den 28. oktober på Stavanger Forum.

Publisert 07.10.14

Rogaland, IA

Du skal gjere mot andre det du vil at dei skal gjere mot deg! Få reglar er meir universelle og grunnleggande, seier filosof         Henrik Syse, som innleier årets IA-konferanse med foredraget «Korleis få alle med - også dei som ikkje kan yte 100 prosent».     

I sitt foredrag vil Henrik Syse snakka om ideal og motivasjonar for inkludering i eit moderne arbeidsliv. Han vil også stille         spørsmålet om kva vi har å læra av kvarandre på tvers av kulturar.     

-Vi må spørja oss sjølv: Korleis ønsker eg å bli integrert? Kva er mine ønsker for ein verdig arbeidsdag? Og kva om eg ikkje         kan arbeida fullt og heilt, kan eg likevel få bidra? Dei same svara vi gir med omsyn til oss sjølv, får vi håpa er dei same         svara vi ønsker at heile samfunnet skal pregast av, seier Henrik Syse.     

IA-konferanse i Stavanger Forum

IA-konferansen i Stavanger Forum har i fleire år vore den lokale storsamlinga for leiare, tillitsvalde, verneombod, HR-tilsette         og andre som jobbar for eit meir inkluderande arbeidsliv. Konferansen gir fagleg påfyll og er ein viktig arena for å møta         andre og dela erfaringar. Samlinga skal også vera ein triveleg og sosial møtestad, med levande musikk til morgonkaffien og         underhaldning før lunsj med vår lokale «bluesman» Reidar Larsen og gitarist Arne Skage. Arrangør er IA-rådet i Rogaland og         NAV Arbeidslivssenter.     

Inkluderande i haldning og handling

Dei to første foredraga set inkludering av personar med redusert funksjonsevne på dagsorden. Henrik Syse vil reflektera over         inkludering i eit ideologisk og etisk perspektiv. Den profilerte Oilers-eigaren, gründer og konsernsjef Tore Kristiansen tek         over stafettpinnen og vil med utgangspunkt i eigne erfaringar som leiar vise korleis ein kan sjå potensialet i enkeltmenneske.     

Parallellsesjonar om sjukefråvær

Dei tre parallellsesjonane har ulike perspektiv på sjukefråvær som tema. Felleselementet er å finna fram til faktorar ein         kan påverke og som kan bety at unødvendig fråvær kan bli til høgare jobbnærvær. Dei tre parallellsesjonane er:     

  1. Snakk med leier før du går til legen. Innleiing ved lege og politiker Kåre Reiten.
  2. Kvinners sjukefråvær. Erfaring frå forskning ved Sørlandet Sykehus.
  3. Sjukefråværsoppfølging av utanlandsk arbeidskraft. Kva er utfordringane? Erfaring og beste praksis frå verksemder.

Arbeid er svaret – kva er spørsmålet?

IA-konferansen har i år tittelen «Arbeid er svaret – kva er spørsmålet?». Dette er også tema for det siste foredraget der         professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, vil dela sine tankar om betydinga av arbeid frå ein historisk og politisk         synsstad. Frank Aarebrot er kjend for å ha reflekterte og klare meiningar om mange tema i samfunnsdebatten. Kva han tenker         om eit inkluderande arbeidsliv i tida framover får vi vita mot slutten av IA-konferansen 28. oktober.     

Påmelding

Prisen for konferansen er kr 800,- inkl. lunsj