Kan ideen din bli til eit EU-prosjekt?

Prosjektverkstad om IT og beredskap (helse, tryggleik, klimaomstilling og energi)

EU Fotograf: iStockPhoto

EU sitt rammeprogram, Horisont 2020, er verdas største arena for forskings- og innovasjonssamarbeid. Regionalt EU-nettverk i Sogn og Fjordane inviterer til ein prosjektverkstad for deltakarar frå offentleg sektor, næringsliv og FoU-miljø. Målet er å identifisere idear og behov i regionen som kan danne utgangspunktet for prosjektsøknader gjennom eit samarbeid med FoU-institusjonar.

På prosjektverkstaden vil vi særleg ta for oss områda IT og beredskap. Det betyr at verkstaden særleg er relevant for verksemder som arbeider med helse, tryggleik, klimaomstilling eller energi.

Her kan du lese meir om programmet.

Påmelding innan 24.05.17 til zno@vestforsk.no

Arrangementet er et samarbeid mellom Norges Forskningsråd og regionalt EU-nettverk for Sogn og Fjordane.