Plast- og komposittkonferansen 2017

Nordfjord Teknologiutvikling (NTU) gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer ny plast- og komposittkonferanse! Den årlege konferansen som blir arrangert rundt berekraftig materialutvikling går av stabelen den 1. mars på Sandane.

Bedriftsbesøk hos Strukturplast på Sandane. Fotograf: Maritim Forening Sogn og Fjordane

Ein konferanse om bærekraftig material

Mange er i dag opptatt av kostnadsreduksjon, spesielt verksemder i petroleumsindustrien. Ved å i større grad bruke lette haldbare material kan verksemder spare pengar. Kom til Sandane på plast- og kompositt konferansen. Her får du høyre meir om muligheitene som ligg i dei lette, sterke og haldbare. Mange av desse er ikkje fullt utnytta. Vi har fått støtte frå Maritim Forening Sogn og Fjordane og plast- og kompositt gruppa i Nordfjord Teknologiutvikling (NTU).

Bedriftsbesøk hos lokale verksemder
Som ein del av konferansen tek vi med alle deltakarar på bedriftsbesøk hos Brødrene Aa og Strukturplast. Vi nyttar oss av moglegheita til å vise lokale verksemder fram for deltakarane som kjem frå heile verda. Dette kan by på nye moglegheiter for lokale verksemder.

Høyres dette interessant ut? Agenda og påmelding finn du her!