Foreininga sitt føremål

INU-FSF blei etablert april 2007. INU-FSF er forkorting for "Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal.

Publisert 28.04.16

INU-FSF

Foreininga har som føremål: 

- å fordele alle næringsretta utviklingsmidlar løyvd over kap. 551.61 i statsbudsjettet til Sogn og Fjordane fylkeskommune og som blir gitt som kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift for verksemder i kommunane Førde, Sogndal og Flora.

- å utarbeide forslag til handlingsplan og lokale retningsliner for korleis denne kompenasjonsordninga best kan nyttast for å fremje næringslivsutvikling i desse kommunane. Dette for at konkurranseulempa med bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift skal bli minst mogeleg

- å sjå til at fordelinga av midlar skjer i tråd med retningsliner og føringar gitt av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kommunal- og regionaldepartementet (KRD).

- å styrke samarbeidet mellom offentlig og privat sektor i dei involverte kommunane, samt vidareføre det sterke næringslivsengasjementet som vart etablert under DAA-ordninga og underbygge eit forsterka samarbeid mellom dei involverte kommunane, totalt sett.

Kontakt oss

Heidi Skorpen

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

heidi.skorpen@nho.no
Telefon
97103276