INU-FSF - Utlysing av midlar 2016

De kan no søkje om midlar frå den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i Førde, Flora og Sogndal (INU-FSF).

Publisert 28.04.16

Sogn og Fjordane, INU-FSF

Søknadsfristen er 1. juni 2016.

Midlane skal gå til
INU-midlane skal bidra til etablering og utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for auka verdiskaping. Målet er å stimulere til næringsutvikling, nyskaping og auka kompetanse, med hovudmerksemd på dei tre råka kommunane.

I arbeidet med handlingsplanen for 2016 - 2021 er det lagt vekt på å samordne prioriteringane med fylkeskommunen sin Verdiskapingsplan der dette er naturleg.

Satsingsområda finn du i handlingsplanen for 2016.

Krav til søknad

  • Søkar må nytta  http://www.regionalforvaltning.nofor å sende inn søknad. Det er høve til å laste opp naudsynte vedlegg.
  • Maksimal støttesats er normalt 50 prosent av totalkostnaden.
  • Det kan berre søkjast om støtte til tidsavgrensa prosjekt. Drift vert ikkje støtta.
  • Støtta skal ha utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet.
  • Prosjekt som går over fleire år kan støttast,      og kostnads- og finansieringsplan for heile perioden bør følgje søknaden.
  • Sjå spesielt retningsliner for verkemiddelbruk kapittel 3 om«Utdjuping av kva som kan støttast og kva som ikkje skal støttast».

Søknadar frå Førde, Sogndal og Flora vert prioritert. Søknad skal sendast elektronisk på www.regionalforvaltning.no innan 1. juni 2016.

Gjeld søknaden prosjekt som er knytt til bedrifter skal denne rettast direkte til Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.

Meir om INU-FSF
INU-FSF er ei forkorting for Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal.

Midlane kjem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet via fylkeskommunen.

Foreninga INU-FSF vart stifta i april 2007 på bakgrunn av at ESA i 2006 godkjente regjeringa sitt forslag om å gjenninnføre ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift frå og med 1. januar 2007. I Sogn og Fjordane vart differensiert arbeidsgjevaravgift gjenninnført i 23 av 26 kommunar. Dei tre kommunane som fortsatt vil ha høg avgift i perioden er Førde, Sogndal og Flora.

Du kan lese meir om foreininga sitt føremål på http://www.nho.no/sognogfjordaneunder mappa INU.

Kontakt
Jan Heggheim
Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57 65 6230 / 905 66 623
epost: jan.heggheim@sfj.no

Vidar Grønnevik
Styreleiar INU-FSF
tlf: 90544118
epost: vidar@vili.no

Heidi Skorpen
NHO Sogn og Fjordane
tlf : 971 03 276
Epost:heidi.skorpen@nho.no

For tekniske spørsmål til søknadene og bruk av www.regionalforvaltning.no, kontakt

Birte Tuxen Bø
Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57 63 80 11
epost: birte.tuxen.bo@sfj.no