Utlysning av INU-midlar 2014

INU-midlane skal m.a. bidra til utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for innovasjonsbasert verdiskaping. Målet er å stimulere til utvikling, nyskaping og auka kompetanse/ næringsverksemd gjennom å bidra til regionale utviklingsprosjekt som gjer regionen meir attraktiv.

Publisert 23.05.14

Sogn og Fjordane, INU-FSF

INU-FSF - Utlysning av midlar 2014

Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal (INU-FSF) opnar no for søknadsrunde i 2014.

Midlane skal gå til 
INU-midlane skal bidra til utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gjev betre vilkår for verdiskaping. Målet er å stimulere til utvikling, nyskaping og auka kompetanse/ næringsverksemd gjennom å bidra til regionale utviklingsprosjekt som gjer regionen meir attraktiv.

I handlingsplanen til INU-FSF 2014 vert nokre områder spesielt prioritert:

Fornybar Energi

INU-FSF vil i 2014 prioritere prosjekt innan fornybar energi, knytt til både kompetanseutvikling, utvikling av infrastruktur og bedriftsretta tiltak via Innovasjon Norge.

Innovasjon / Nyskaping / FoU

INU-FSF vil også i 2014 prioritere søknader knytt til inkubasjon i regi av inkubatorordningane i fylket, gründer-/nyskapingsarbeid gjennom Innovasjon Norge og søknader frå prosjekt/verksemder som på andre måtar bidreg til nyskaping.

Kompetanseutvikling

INU-FSF vil i 2014 prioritere finansiering av bachelor-studia innan sub-sea teknologi, men slik at dette ikkje utgjer ei avgrensing av virkemiddelbruken til berre desse tiltaka. Årsmøtet peika på at INU-FSF ønskjer å vidareføre og bygge opp høgskulestudium, til dømes Subsea og byggingeniør.

Infrastruktur/Tettstadmidlar
INU-FSF set av midlar til tettstadsutvikling som kommunane Førde, Sogndal og Flora kan søke på i 2014 med følgjande fordeling:

Førde: kr 3 mill pr år
Flora: kr. 3 mill pr år
Sogndal: Kr 1.5 mill pr år

Utover dette vil INU-FSF spesielt prioritere startfinansiering knytt til næringsretta infrastruktur, der det planlagde industriområdet i indre Sunnfjord og andre industriområder som kan utgjer eit potensial for vidare utvikling vert tillagt spesiell vekt.

Krav til søknad

  • Søkar      må nytta http://www.regionalforvaltning.no/      for å sende inn søknad. Det er høve til å laste opp naudsynte vedlegg.
  • Maksimal      støttesats er normalt 50 prosent av totalkostnaden.
  • Det      kan berre søkjast om støtte til tidsavgrensa prosjekt . Drift vert      ikkje støtta.
  • Støtta      skal ha utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet.
  • Fleirårige      prosjekt kan støttast, og kostnads- og finansieringsplan for heile      perioden bør følgje søknaden.
  • Sjå      spesielt Fylkeskommunen      sine retningslinjer for verkemiddelbruk kapittel 3 om«Utdjuping av kva som kan støttast og      kva som ikkje skal støttast».  

Søknadar frå Førde, Sogndal og Flora vert prioritert. Søknad skal sendast elektronisk på www.regionalforvaltning.no innan 20.august 2014.

Meir om INU-FSF
INU-FSF er ei forkorting for Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal.

Midlane kjem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet via fylkeskommunen.

Foreninga INU-FSF vert stifta i april 2007 på bakgrunn av at ESA i 2006 godkjente regjeringas forslag om å gjenninnføre ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift frå og med 1. januar 2007. I Sogn og Fjordane vart differensiert arbeidsgjevaravgift gjenninnført i 23 av 26 kommunar. Dei tre kommunane som fortsatt vil ha høg avgift i perioden er Førde, Sogndal og Flora.

Du kan lese meir om foreininga sitt føremål på www.nho.no/sfj - under mappa INU.

Kontakt 
Marit Gjerstad
NHO Sogn og Fjordane
tlf 936 63 860
Epost: marit.gjerstad@nho.no

Jan Heggheim
Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57 65 62 30 / 905 66 623
epost: jan.heggheim@sfj.no  

Vidar Grønnevik
Styreleiar INU-FSF
tlf: 90544118
epost: vidar@vili.no

For tekniske spørsmål til søknadene og bruk av www.regionalforvaltning.no, kontakt
Kristin Arnestad
Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57 65 62 45 / 90 61 68 43
epost: kristin.arnestad@sfj.no

Atle Reidar Sandnes
Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57 65 62 82 
epost: atle.reidar.sandnes@sfj.no

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860