INU-FSF Utlysning av midlar i 2015

De kan no søkje om midlar frå den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal (INU-FSF). Søknadsfristen er 15. juni 2015.

Publisert 13.05.15

Sogn og Fjordane, INU-FSF

Midlane skal gå til 
INU-midlane skal bidra til etablering og utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for auka verdiskaping. Målet er å stimulere til næringsutvikling, nyskaping og auka kompetanse, med hovudmerksemd på dei tre råka kommunane.

I arbeidet med handlingsplanen for 2015 - 2021 er det lagt vekt på å samordne prioriteringane med fylkeskommunen sin Verdiskapingsplan der dette er naturleg.

Satsingsområda finn du i  handlingsplanen for 2015.

 Krav til søknad

  • Søkar må nytta http://www.regionalforvaltning.no for å      sende inn søknad. Det er høve til å laste opp naudsynte vedlegg.
  • Maksimal støttesats er normalt 50 prosent av      totalkostnaden.
  • Det kan berre søkjast om støtte til tidsavgrensa prosjekt.
    Drift vert ikkje støtta.
  • Støtta skal ha utløysande effekt for gjennomføring  av prosjektet.
  • Prosjekt som går over fleire år kan støttast, og kostnads- og finansieringsplan for heile perioden bør følgje søknaden.
  • Sjå spesielt  Retningsliner for verkemiddelbruk 2015  kapittel 3 om«Utdjuping av kva  som kan støttast og kva som ikkje skal støttast».  

Søknadar frå Førde, Sogndal og Flora vert prioritert. Søknad skal sendast elektronisk på www.regionalforvaltning.no  innan 15.juni 2015.

Gjeld søknaden prosjekt som er knytt til bedrifter skal den rettast direkte til Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, tlf. 57 65 19 40. Les meir om bedriftsretta søknad på Innovasjon Norge sine heimesider. NB! Søknaden som bedriftsretta midler sendes direkte til Innovasjon Norge.

Meir om INU-FSF
INU-FSF er ei forkorting for Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal.

Midlane kjem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet via fylkeskommunen.

Foreninga INU-FSF vart stifta i april 2007 på bakgrunn av at ESA i 2006 godkjente regjeringa sitt forslag om å gjenninnføre ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift frå og med 1. januar 2007. I Sogn og Fjordane vart differensiert arbeidsgjevaravgift gjenninnført i 23 av 26 kommunar. Dei tre kommunane som fortsatt vil ha høg avgift i perioden er Førde, Sogndal og Flora.

Du kan lese meir om foreininga sitt føremål på www.nho.no/sognogfjordane  - under mappa INU-FSF.

Kontakt 
Heidi Skorpen
NHO Sogn og Fjordane
tlf : 971 03 276
Epost:  heidi.skorpen@nho.no

Jan Heggheim
Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57 65 62 30 / 905 66 623
epost: jan.heggheim@sfj.no  

Vidar Grønnevik
Styreleiar INU-FSF
tlf: 90544118
epost: vidar@vili.no

For tekniske spørsmål til søknadene og bruk av www.regionalforvaltning.no, kontakt

Birte Tuxen Bø
Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf:  57 63 80 11
epost:  birte.tuxen.bo@sfj.no

Atle Reidar Sandnes
Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57 65 62 82 
epost: atle.reidar.sandnes@sfj.no