10 år med karrieremesser

For tiande år på rad inviterer Framtidsfylket til karrieremesse i Oslo, Bergen og Trondheim. Har messene nokon verdi?

Fra karrieremesse i Grieghallen i Bergen. Foto: Framtidsfylket AS

Publisert 08.01.16

Sogn og Fjordane

-  På ei karrieremesse i Oslo treff eg ein ung mann som spør meg om det finst relevant arbeid til han i Sogn og Fjordane. Han fortel at han er elkraftingeniør, og etter ein kjapp telefon har vi skaffa han inngangsbillett til «Kraft i Vest»-konferansen som går av stabelen to dagar seinare. Han grip sjansen, hiv seg i bilen og køyrer til Sandane. Ti minutt etter at eg har tipsa næringslivet om at «her er ein de må ta vare på» har Stryn Energi invitert mannen på lunsj.

Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket smiler nøgd; den unge mannen fekk jobb.

- Eg er ganske heldig som kan operere slik, men det er det lokale næringslivet som sjølv gjer det mogeleg, seier ho.

Felles rekrutteringsarena
I 2006 tok Sunnfjord Næringsråd  initiativ til  å skape ein arena der næringslivet kunne syne seg fram og drive rekrutteringsarbeid, og dei ville ha med aktørar frå heile fylket. I løpet av nokre hektiske månadar fekk Rukan samla 25 ulike bedrifter, og i januar 2007 inviterte dei, for første gong, studentar til eigne karrieremesser for Sogn og Fjordane, i Bergen, Trondheim og Oslo. Det vart servert eksklusiv musserande i glasa, fjordtapas og god underhaldning frå Sogn og Fjordane. Studentane og næringslivet har sidan den gong hatt desse karrieremessene som ein årleg og uformell møteplass.

- Eg hugsar vi var svært spente, seier Janne Marie Solheimslid, organisasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho er av dei som har vore med og stått på stand kvart av dei ti åra, og ho ser ei tydeleg utvikling.

- Den gongen var det nytt å tenkje heile fylket, og ikkje berre regionane. No ser vi at det var heilt riktig måte å gjere det på; Vi er forholdsvis små aktørar her, men når vi går saman, vert vi godt synlege. Gjennom messene, og seinare aksjeselskapet Framtidsfylket, har vi skapt oss eit godt renommé. Vi får vist fram at vi har eit spennande og levande næringsliv, og det er viktig for identiteten til Sogn og Fjordane.

 Einaste i Norge
- Vi er faktisk det einaste fylket som har ei slik messe, seier Rukan.

- Det finst liknande messer, men dei har gjerne litt einsidig mål om at ungdom skal flytte heim att. Vi er opptekne av at Sogn og Fjordane har karrieremulegheiter for alle, anten du kjem frå fylket eller ei. Hos oss er det det lokale næringslivet som har teke initiativet på jakt etter nye og dyktige rekruttar til verksemdene sine. Altså ikkje eit offentleg fråflyttingsprosjekt. At vi marknadsfører kva karrieremogelegheiter som er til stades i fylket, både i offentleg og privat sektor, er nøkkelen til suksess. Ein god, relevant jobb er den aller viktigaste faktoren når nyutdanna skal avgjere kvar dei vil busetje seg.

I starten var messene i hovudsak retta mot ingeniør- og teknologimiljøa, men ein såg fort fordelane av å opne for alle.

- Dess fleire verksemder vi stiller med, dess fleire deltakarar får vi. Studentane tek med seg vener og kjærestar, og det skapar gode ringverknadar; endå fleire vert klar over kva slags mangfald av mogelegheiter som finst i fylket vårt, seier Rukan.

- Og vi som står på stand hjelper kvarandre. Kjem ein student med kompetanse vi ikkje har bruk for, så viser vi veg til nokon som er i rett fagområde. Dette er ein av dei mange fordelane med eit næringsliv som kjenner kvarandre godt.

 Frå 25 til 80
Frå 160 gjester og 25 stands i 2007 har Karrieremessa auka jamt og trutt. I 2015 var nærare 80 bedrifter samla, og dei over 600 gjestene var spreidde over to etasjar i Grieghallen i Bergen.

Utfordringa ligg i å halde nivået oppe, og å fornye seg, seier Solheimslid.

- Vi må gjere oss attraktive for studentane. Ventar vi til masteroppgåva er levert, er vi i seinaste laget. Sjølv om vi ikkje har konkrete jobbtilbod der og då, så er det å knytte kontaktar fruktbart både for oss og dei. Fleire spør oss allereie tidleg i studieløpet kva slags fagkombinasjonar vi etterspør, og når vi skal tilsetje, så kjenner vi kanskje alt til aktuelle kandidatar. Karrieremessa er utruleg viktig i vårt rekrutteringsarbeid.

Spot on - jobb
Ei av dei som fekk full utteljing etter fjorårets messe er Silje Mari Sunde. I dag er ho tilsett i Sparebanken Sogn og Fjordane, men som sivilingeniør med spesialisering i datavarehus hadde ho ikkje særleg høge forventningar om å finne draumejobben i Sogn og Fjordane.

- Eg har vitja Karrieremessa i Oslo 4-5 gonger tidlegare; mest fordi eg var nyfiken på kva som rørte seg i heimfylket, men også fordi det var eit hyggeleg og sosial arrangement der eg kunne treffe gamle kjente frå Florø, seier Sunde.

Under Karrieremessa 2015 var Sunde i barselspermisjon, og med to små og sambuar frå Florø hadde ønsket om å flytte heim modnast.

- Eg var nok meir målretta denne gongen, og tenkte samstundes at eg ikkje kunne tillate meg å vere så kresen. Sparebanken hadde lyst ut ei generell IT- stilling, men når eg kom til standen og fekk snakke med Janne Marie og traineen som stod der, vart eg i fyr og flamme. Eg trudde, som sikkert mange andre, at «alle dei spennande jobbane er i Oslo», men her fann eg altså ein jobb som var «spot on» for meg; Datavarehusarkitekt!

- I dag er eg ein av tre på Sparebanken si eiga avdeling for datavarehus. Dette er kompetansearbeidsplassar med eit høgt, teknisk utdanna kollegium, så eg har både spennande og gjevande arbeidsdagar. Eg skal innrømme at eg er positivt overraska. Og då mannen min også fann seg arbeid raskt, og ungane trivst i barnehagen, så vi har ikkje sett oss tilbake eit sekund!

 Bratt karrierestige
Ifølgje Rukan bekreftar Sunde ein tendens; at dei som kjem på Karrieremessa i Oslo gjerne er hakket meir etablerte, enn dei i Bergen og Trondheim, og at dei er klare til å flytte på flekken.

­ - I Bergen treff vi økonomistudentar på messe allereie når dei går 2.-3.år i utdanninga si, fortel Hans Jørgen Kirkeeide, partner i Deloitte.

Dei har Karrieremessa i Bergen som sin viktigaste rekrutteringsarena. 

- For studentane er det viktig å skaffe seg oversikt over kva som er aktuelle bransjar og selskap for dei. Vi, og Deloitte i Bergen, konkurrerer om dei same studentane, så for oss er det viktig å vere tidleg ute og følgje dei tett. Ein del av dei ynskjer seg jobb i meir urbane strok, men får du arbeidsplass ei mellomstor bedrift i Sogn og Fjordane vert karrierestigen brattare. Våre medarbeidarar får tidlegare ansvar, varierte oppgåver og dei tek del i avgjerslene, seier Kirkeeide.

 Bli sett på messa
Og utfordrande arbeidsoppgåver freistar. Berre dei to siste åra har Kirkeeide og Deloitte fått heile sju nye tilsette som følgje av Karrieremessa.

­- Atmosfæren i Grieghallen er ypparleg for slike møte. Den avslappa settinga gjer at vi og dei har høve til å både gi og få eit inntrykk, heilt annleis enn i ein intervjusituasjon. Det er jo ikkje berre karakterar som tel når vi tilset folk.
- På messa får du høve til å  vise deg fram, og bli sett. Sogn og Fjordane er eit fylke med relativt få innbyggarar, og difor opplev dyktige nyutdanna ein bratt karrierestige i Sogn og Fjordane, seier Rukan.

- I Sogn og Fjordane får du høve til å gjere ein skilnad.

 

Årets messer går av stabelen 28. januar i Trondheim, 4. februar i Oslo og 10. februar i Bergen. Eva & The Heartmaker skal stå for underhaldninga på messene, saman med den nyfødde sonen WilliamJ

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860