5 kommunar, 5 bedrifter, 25 politikarar: La oss styrke fagopplæringa!

Trainee Christian Albertsen var denne veka på turné for å treffe bedrifter og politikarar i fem kommunar. Med seg hadde han eit opprop om bruk av lærlingklausular i offentlege innkjøp.

Dagleg leiar Knut Løvdal Stauri (blå hjelm) møtte politikarane i Stryn. I gul hjelm lyttar Klemet Bø frå KRF. I bakgrunnen er nokon av lærlingane i HS Bygg. Foto: Christian Albertsen

Publisert 02.07.15

Sogn og Fjordane

Signering av opprop
I heile valperioden 2015-2019 lovar vi at vi som folkevalde skal arbeide aktivt for å sikre ungdommane våre ei god yrkesutdanning. Vi skal som kommunepolitikarar ta vår del av samfunnsansvaret. Vi forpliktar oss til å gjere ein grundig jobb med å hente inn informasjon om kvar det er behov for lærlingar, og syte for at kravet om lærlingar blir følgd opp når kommunen skal hente inn tilbod.

Slik lydar oppropet NHO håpar at flest muleg listetoppar vil signere på, før det overrekkast kommunalministeren på NHO sitt småting 26. august.

- Den store etterspurnaden etter yrkesfagleg kompetanse i norsk næringsliv kjem til å bli enda større, og då må vi sikre at morgondagens arbeidskraft møter denne etterspørselen. Difor jobbar vi både med å heve statusen til og kunnskapen om yrkesfaga, og med å få offentlege innkjøparar til å nytte seg av lærlingklausular. Ved å inkludere ein slik klausul i anbodet vil bedriftene få fleire incentiv til å ta inn lærlingar, og på den måten bidra til fagopplæringa, seier trainee i NHO Sogn og Fjordane Christian Albertsen.

Artikkelen held fram under bildet
Ordførarkandidat for Høgre i Eid, Eli Førde Aarskog signerer

Mønstereksempel
I første omgang blei oppropet med til fem kommunar. I tur og orden møtte ordførarkandidatar opp i Florø, Førde, Sogndal, Stryn og Eid, for å møte NHO og høvesvis Fokus Elektro, Caverion, Holen installasjon, HS Bygg, og Normatic.

Dei nemnte bedriftene er alle mønstereksempel på gode lærebedrifter, men det er først og fremst ikkje fordi lærlingordninga er spesielt lønsam på kort sikt at bedriftene tek inn fleire nye lærlingar kvart år

- Det er slett ikkje slik at lærlingar er den billigaste arbeidskrafta, men for oss er dette ein svært viktig rekrutteringsstrategi på lang sikt. Samstundes tek vi eit samfunnsansvar med å utdanne ungdom som næringslivet behøver, sa Knut Løvdal Stauri, dagleg leiar i strynebedrifta HS Bygg.

Også for Normatic på Eid er lærlingordninga viktig for rekruttering og kompetanse i bedrifta.

- Å ha læringar bidreg til å sikre rekruttering, og gjer at vi utviklar oss. Gjennom eit godt samarbeid med kommunen, kan vi styrke lærlingordninga ytterlegare, noko som er viktig både for bedriftene og for samfunnet, sa dagleg leiar Hans Inge Solheim

For Fokus Elektro i Florø er fagopplæringa og lærlingordninga også eit viktig bidrag til å holde ungdommen i kommunen og fylket, noko fagleg leiar Tore Nyttingnes påpeika. 

- Å lære eit handverk blir noko av det viktigaste framover. I Sogn og Fjordane er det også vesentleg at vi maktar å helde på ungdommen, og dette bidreg lærlingordninga til. Difor er det viktig at vi får heva statusen til yrkesfaga, og at vi har tilstrekkeleg med læreplassar. 

Har utdanna om lag 130 fagarbeidarar
I Sogndal var Holen Installasjon vertskap for signeringa, og familiebedrifta har lange tradisjonar med å utdanne fagarbeidarar.

-  Sidan vi starta med lærlingar kring 1970 har vi utdanna meir enn 130 fagarbeidarar. Og om vi ser på dei som jobbar i administrasjonen hos oss no, så har 9 av 10 starta som lærlingar, fortalte Agnar Holen ei imponert forsamling.

Imponert var også politikarane i Førde i møte med Caverion, Norges største tekniske entreprenør. Med over 50 tilsette på avdelinga i Førde, der om lag 10 er lærlingar innanfor ulike fagfelt, speler dei ein viktig rolle for fagopplæringa i regionen. Nytilsett dagleg leiar Harald Aam bad politikarane om å prioritere denne.

-  Vi rekrutterer mykje lokalt, og er oppteken av ei god yrkesutdanning. Kommunane er vesentlige aktørar i denne, og det er viktig at dei bidreg både gjennom å tilby læreplassar sjølv, og gjennom å nytte lærlingklausular når dei hentar inn anbod.

Artikkelen held fram under bildetAlle partia i Flora kommune støtta opp om oppropet

Brei semje bland politikarane
Bodskapen til NHO og medlemsbedriftene blei utelukkande godt tatt imot av politikarane på tvers av kommunar og politiske parti. Som ein betydeleg kunde har kommunane stor makt i å vere med på å forme næringslivet gjennom sine anbod. Ein vesentlig del av dette er å hente inn informasjon om kvar det er behov for lærlingar, og syte for at kravet om lærlingar blir følgd opp når kommunen hentar inn tilbod. Fleire parti har allereie programfesta dette, og gjennom møta vart det klart at å styrke yrkesfaga bør ha høg prioritet for dei folkevalte i alle kommunane.