5000 til Trimigrering

Ved årets næringsbarometer var samfunnsansvar og arbeidsinnvandring tema. Grupperinga bak barometeret ønska å gje ei gåve til eit godt formål i fylket med fokus på integrering.

Klasse 3IDA ved Flora vidaregåande skule

Publisert 20.08.14

Sogn og Fjordane

Denne gangen vart det dei sosiale entreprenørane i ungdomsbedrifta Trimigrering som blei tildelt 5000 kroner for det viktige arbeidet dei gjør for integrering på innvandrarsenteret.

Næringsbarometeret i regi av NAV, Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, NHO Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune gjør opp status og ser på framtidsutsiktane for viktige næringar i fylket. I år vart samfunnsansvar og arbeidsinnvandring tema. Eit viktig fokus er å sørgje for at innvandrarar og flyktningar blir godt integrert i samfunnet slik at dei blir verande i fylket og etter kvart får fast arbeid. Viktige element i integreringsprosessen er opplæring i språk og samfunnskunnskap, noko som mellom anna blir tilbydd i introduksjonsprogrammet leia av KF innvandrarsenteret.

I tillegg til meir kunnskapsbasert integrering er den sosiale integreringa svært viktig. Å bli integrert i samfunnet handlar vel så mykje om å delta i fritidsaktivitetar, nytte dei sosiale tilboda i kommunen og å skapa eit sosialt nettverk. Dette er noko som ungdomsbedrifta Trimigrering har tatt tak i. 3.klassingane ved idrettslinja ved Flora Vidaregåande Skule driv eigen bedrift med fokus på sosialt entreprenørskap, der dei arbeider med integrering gjennom fysisk aktivitet. Faglærar for klassa, Ingun Selås, kunne fortele at idrettslinjeelevane planlegg, gjennomfører og evaluerer aktivitetstimar for elevane på innvandrarsenteret. Her får dei verdifull erfaring som instruktørar og organisatorar, samtidig som dei knyter band til innvandringselevane og lærar dei å kjenne gjennom fysisk aktivitet.

Marit Gjerstad, rådgjevar hos NHO Sogn og Fjordane kunne på vegne av grupperinga bak næringsbarometeret fortelje idrettsklassen at dei vert tildelt 5000 kr slik at dei kan fortsette å utvikle sitt gode arbeid med å integrere flyktningar og innvandrarar. Gjerstad snakka om viktigheita av sosiale tilbod lik Trimigrering, innvandrarar ønskjer å bli kjent med oss, men dei veit ikkje heilt korleis. Ho oppmoda samtidig Florø-folk til å opne opp sine nettverk og invitere nye inn.

Kontakt oss

Marit Gjerstad

Rådgiver

NHO Sogn og Fjordane

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860