Delar av fylket – back on track!

Sunnfjordregionen med Førde og Florø som motorar, inntek ein fin 4.-plass i NHO sitt NæringsNM 2013. Regionen slår både Bergen og Oslo. På pallplassane før finn vi "stormaktene" Stavanger, Trondheim og Ålesund.

Fjord Base i Florø

Fjord Base i Florø

Publisert 13.01.14

Sogn og Fjordane, Vi meinar

Regionen Sunnfjord er igjen inne på topp 10 lista på NHOs NæringsNM. Sunnfjord får ein flott 4. plass, etter ei totalvurdering av måleindikatorane Lønsemd, Vekst, Næringslivets størrelse og Nyetableringar. Kommunane Førde og Flora er årsaka til den gode plasseringa til regionen.

På indikatoren Lønsemd kjem Sunnfjord heilt på topp i landet. I regionen finn vi den høgaste delen av bedrifter med positivt resultat før skatt, og med positiv eigenkapital. For indikatoren Vekst klatrar bedriftene i fylket opp 12 plassar til ein fin 5. plass. Med andre ord gode, solide bedrifter som tener pengar, har hatt ein god realvekst, samt har opparbeida ein god økonomisk buffer til dårlegare tider.

I fylket er det Sunnfjord som drar, men Nordfjord tek 19. plassen av dei 83 regionane. Der Stryn har 25. plass i kommunekåringa og Eid har 84.plass. Vågsøy hamnar nede på 280. plass av landets 428 kommunar.

Den austlege regionen Sogn er i 2013 fylkets dårlegaste med ein 70. plass. Dette trass i at Sogndal kommune får ein 7. plass. Det hjelper lite for regionen då dei resterande kommunane i regionene hamnar på nedre del av skalaen i kommunedelen av kåringa. Høyanger er nede på 342. plass og Lærdal inntek jumboplassen på 417.plass.

HAFS er på 59. plass der Hyllestad er øvst i regionen på ein 44. plass, Fjaler på 131. plass, Askvoll får 341. plass like føre Gulen som er på 355. plass.

Kommunane på Vestlandet totalt sett dominerer blant topp 20 og Vestlandsfylka gjer det bra. Sogn og Fjordane gjer det totalt sett mykje betre i NæringsNM 2013 enn før; ein 11. plass mot ein 17. plass samla for dei siste ti åra.

Det er tiande gongen at Telemarkforsking utarbeidet NæringsNM på vegner av NHO. Resultata byggjer på samtlege rekneskapspliktige bedrifter sine rekneskapstal frå 2012, tal frå Einskapsregisteret og SSB sin registerbaserte sysselsetjingsstatistikk. NHO sitt NæringsNM måler og samanliknar næringsutviklinga i fylka, regionar og kommunar.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419
Marit Gjerstad

Rådgiver

marit.gjerstad@nho.no
Telefon
93663860