Arenamøter engasjerte

Denne veka blei årets to første arenamøter heldt, i Høyanger og i Florø. Møta gav medlemsbedrifter og politikarar ein arena for læring, diskusjon og samarbeid.

Tarje Bjørkum frå Abelia heldt ein engasjerande presentasjon om Big Data, på arenamøtet i Florø

Publisert 23.01.15

Sogn og Fjordane

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, ønska velkommen til kommunen som i år feirar sitt 100-årsjubileum, mens Tommy Ølmheim, dagleg leiar i Safeclean og styremedlem i NHO, saman med regiondirektør Jan Atle Stang ga dei frammøtte ei oppdatering frå NHOs årskonferanse og møtet med stortingsbenken.

Kva blir viktig for næringsutvikling i Høyanger framover var spørsmålet næringssjef i Høyanger Næringsutvikling, Terje Søreide, tok utgangspunkt i. Søreide gav dei frammøtte ein presentasjon av utfordringar og mulegheiter for dei mange hardt satsande bedriftene i kommunen. Næringssjefen utfordra vidare forsamlinga til å diskutere følgjande spørsmål: Korleis kan den miljøvennlege overskotskrafta nyttast meir innovativt i Fatslands-Noreg, i fylket og i Høyanger?

Møtet blei avslutta med debatt og diskusjon der både bedrifter, Høyanger vidaregåande skule, og politikarar kom med sine synspunkt på morgondagens næringsliv i Høyanger.

Big Data – kva er det og kvifor vil det endre alle bransjar?
Temaet for arenamøtet i Florø var Big Data. Tarje Bjørkum frå Abelia ga forsamlinga ein engasjerande og lærerik presentasjon av mulegheitene som finnast i å bruke store datamengder, til dømes dataspor som forbrukarar legg igjen på internett, til å utvikle nye produkt og ny næringsaktivitet. Både frammøtte bedrifter og politikarar lét seg imponere over presentasjonen som la grunnlag for ein god plenumsdiskusjon til slutt.

Nicolas Iannone, dagleg leiar i IT-bedrifta Pixelwerk og styremedlem i NHO Sogn og Fjordane leia møtet, og fortalte litt om innovasjonen og utviklinga som skjer i Pixelwerk. Saman med regiondirektør Jan Atle Stang oppdaterte han forsamlinga på årskonferansen og møtet med stortingsbenken, der tema som energi og kraft, sentralisering, utdanning, infrastruktur og arbeidsmiljøloven var sentrale punkt.