Årets lærlingar

Gøran Standal (24) frå Førde og Espen Vasseth (20) frå Stongfjorden er kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet.

Foto: EBA Vestenfjelske

Publisert 07.12.15

Sogn og Fjordane

Artikkelen er henta frå nettavisa til Firda, 7.desember 2015.
Klikk her for å lese den artikkelen i Firda.

Gøran Standal er betongfaglærling hos Brødrene Ulveseth i Bergen, medan Espen Vasseth er tømrar hos Åsen & Øvrelid i Førde, skriv Entreprenørforeningen Bygg-Anlegg, vestenfjelske avd. i ei pressemelding.

Førdianar i Bergen

Gøran Standal går læretida hos Brødrene Ulveseth og jobbar på bustadprosjektet i Kronstadparken i Bergen. Han gjekk to-årig byggfagutdanning på Øyrane vidaregåande skule i Førde og etter militærtenesta flytta han til Bergen for å få lærekontrakt. Han skal ta fagprøve til sommaren.

 – Eg vart overraska og veldig glad for prisen, seier Gøran.

Det er verksemdene som nominerer dei beste kandidatane til tevlinga om å verte «Årets lærling», og dei gir også ei vurdering av faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar.

Betongbasen til Gøran såg tidleg talentet til Gøran. I tillegg har han ifølge basen gode haldningar. Han fekk tidleg ansvar for store dekkstøypar, og utmåling og montering av sveiseplater og dekkantsikringar.  I læretida har han ikkje hatt fråvær og har levert særs gode resultat.

Stongfjording i Førde

Espen Vasseth gjekk også på Øyrane vidaregåande skule og tok fagprøva i august i år. Frå han vart lærling har han jobba hos Åsen & Øvrelid og har delteke i fleire bustadprosjekt.

«Espen er kanskje den beste lærlingen vi har hatt nokon gong. Kombinasjonen av fagleg interesse, kompetanse og gode sosiale ferdigheiter gjer Espen til ein «vinnar» og ein framtidas mann som vi absolutt ønskjer å satse på», seier daglig leiar Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid i si vurdering til tevlinga. Han legg også til at han trur Espen vil få ei stårande karriere, anten han held fram som fagarbeodar eller søker nye utfordrigar i faget, står det i pressemeldinga.

 – Å verte «Årets lærling» gjer meg både stolt og takknemleg, seier Espen, som vurderer å gå vidare på teknisk fagskule eller ta høgskuleutdanning for å verte ingeniør.

Hard konkurranse

Kåringa av «Årets lærling» er gjort mellom vel 300 lærlingar i entreprenørbransjen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Ein jury med representantar frå BYGGOPP i Hordaland og Sogn og Fjordane, fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune og Fellesforbundet tek den endelege avgjerda.

Premien dei to vinnarane fekk var kvar sin sjekk på 10.000 kroner, og ein diplom.

- Vinnarane i «Årets lærling» 2015 har i tillegg til å lære seg sine fag også tatt del i informasjonsaktivitetar på skulene for å fortelje om fagutdanninga. Dei er framifrå rollemodellar, seier opplæringsleiar Nils Arne Ødegård i BYGGOPP Sogn og Fjordane.

BYGGOPP legg til rette for opplæring innan bygg- og anleggsteknikkfaga og fylgjer opp lærlingane. Dei har 60 medlemsverksemder i Hordaland og 130 i Sogn og Fjordane.