Bedriftsbesøk i Florø

I sommar har vi besøkt fleire NHO- medlemsbedrifter i Florø. Florø Bil- og Havneservice, Slakteriet og Aroma Cafe er ulike, men likevel viktige på kvar sine område for folk og næringsliv i kystbyen.

Gründer Ole Eilertsen og dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen ved Slakteriet ser positivt på framtida.

Publisert 06.08.15

Sogn og Fjordane

Florø Bil- og Havneservice.
Første møte var med Britt Marion Larsen, engasjert eigar og dagleg leiar for Florø Bil- og Havneservice. Selskapet held til i Strandavegen og på Fugleskjærskaia i Florø. Dei har eit godkjent bilverksted for person- og lastebil, utsal av smørolje for Shell og Mobil og i tillegg eit tankanlegg for distribusjon av drivstoff  for Bunker Oil AS og FBH AS til offshore, marine, industri og private.    - Vi har fleire bein å stå på, det er viktig på mindre plassar og det er bunkring- anlegget vårt som står for største omsetninga, seier
den kvinnelege gründeren.

Selskapet vart etablert i 1995 og er i dag ei bedrift som er opptatt av å sikre langsiktige og trygge arbeidsplassar for sine tilsette. Verksemda ligg i dag på areal som dei eig sjølve i tillegg til at dei
leiger areal frå Flora Hamn KF. - Det er viktig med forutsigbare rammebetingelsar og at kommunen legg til rette for lokal næringsutvikling i sine reguleringsplanar, påpeikar
Larsen. 
Gjennom NHO sin samarbeids-avtale med Eurojuris Norge får NHO medlemsbedrifter 15% rabatt, i tillegg er første time konsultasjon gratis. Her kan bedrifter få bistand til spørsmål knytt til m.a. kommunalt planarbeid, rettigheiter osb.

Slakteriet AS
Verksemda Slakteriet nemner også dette tema når vi kjem på besøk. Dei har fulgt med på kommunen sin planleggingsprosess for området som ligg vis-a-vis bedrifta der det er planar om utviding av kjøpesenter. - Dette har vore viktig for å sikre framtidig drift og muligheiter for utviding av Slakteriet, seier dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen og fabrikksjef Geir Rindheim.

Slakteriet er ei spennande og viktig lokal bedrift i Florø. Dei gir muligheit for at lakseoppdrettarar i regionen kan slakte fisken sin lokalt, samtidig kan oppdrettarane følgje slakteprosessen tettare på. Nyleg gjekk oppdrettarar og eksportør inn på eigarsida i selskapet med 40% av aksjane. Resterande av aksjane er fordelt på tidlegare dagleg leiar og deleigar Ole Eilertsen og tilsette i verksemda. Dette er positivt for framtidig næringsutvikling og for å gjere merkevaren Slakteriet sterkare.    

Bedrifta er med i nettverket Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane som NHO SF leiar.  - Slakteriet var den første IA- verksemda (inkluderande arbeidsliv) i Norge, og har stort fokus på eit godt og trygt arbeidsmiljø, seier Eilertsen som i dag jobbar som utviklingsleiar i selskapet. Slakteriet har også utarbeidd etiske retningslinjer, er sertifisert etter Global Gap (sikrer mattryggheit) og har fokus på miljø m.a. gjennom nye investeringar i produksjonsanlegg og software.

Aroma Cafe
NHO har fått nytt medlem i Florø, Aroma Cafe i Strandgata.

Eigarar av Aroma Cafe i Florø, f.v. Karianne Torvanger og Tonje N. Fimland

Verksemda er ein viktig sosial møteplass for folk i byen og serverer varme- og kalde lunsjrettar, bakevarer og stort utval drikke. Dagleg leiar Tonje Nordal Fimland (t.h. på bilete) som eig og driv kafeen med Karianne Torvanger (t.v.) ser fram til å få eit nettverk i NHO- felleskapen dei kan kontakte for m.a. juridisk bistand i arbeidsrettsspørsmål og for fagleg påfyll og tilbod om kurs og andre arrangement i regi bransjeorganisasjonen NHO Reiseliv som dei er blitt ein del av.
Vi på regionkontoret i Sogn og Fjordane ønskjer velkommen til NHO- felleskapen og ser fram til Sushi- fredag og "storby-følelse" ved neste besøk.