Bedriftsbesøk i Førde: Tre svært viktige aktørar

Regionkontoret var denne veka i Førde, der vi besøkte tre vidt forskjellige bedrifter, som har til felles at dei satsar offensivt for å posisjonere seg for framtidas utfordringar.

Publisert 18.12.14

Sogn og Fjordane

På besøk hos Firda Media, møtte vi ansvarleg redaktør Yngve Årdal, marknadsleiar Sander Ødelien, og leiar for nynorsk avissenter Ivar Myklebust Longvastøl. Vi fekk her eit innblikk i fylkets største lokalavis, og Noregs største nynorskavis med 48.000 daglege lesarar på papir, nett og mobil. Som dei fleste andre aktørar i bransjen opplever Firda spennande og utfordrande tider, med stadig meir digitalisering og fokus på å finne nye og betre løysingar på ulike plattformer. Sjølv om konkurransen og vilkåra for avisbransjen har blitt tøffare dei siste åra, har Firda eit viktig samfunnsoppdrag som nyheitsformidlar og brubyggjar lokalt.  "Til tross for at folk i dag har mykje lettare tilgang på informasjon gjennom mange fleire kanalar, så seier fortsatt 8 av 10 at lokalaviser er den viktigaste kjelda til lokale nyheiter" seier Årdal.

Landets største
Med ei årleg omsetning på ca. 4 milliardar, og omtrent 3000 tilsette fordelt på over 50 stader er Caverion Noregs største tekniske entreprenør. Gjennom ekspertise innan tekniske fagområdar og tenesteområder er Caverion med på heile livssyklusen for næringsbygg og industribygg. Vi møtte dagleg leiar i Førde, Ingelin Skadal, og Bent Vikøren som frå nyttår blir dagleg leiar på kontoret i Sogndal. Med over 50 tilsette i Førde, der om lag 10 er lærlingar innanfor ulike fagfelt er Caverion ein betydelig aktør også lokalt. "Vi ønskjer å rekruttere lokalt, og å tiltrekke oss medarbeidarar som buset seg i fylket. Vi er derfor opptekne av at yrkesfagutdanninga styrkast, slik at vi fortsatt vil ha tilgang på god og relevant arbeidskraft i fylket" seier Skadal.

Fra Rica til Scandic
Dagens siste bedriftsbesøk var hos Sunnfjord Hotel som i år har vært gjennom ein svært spennande prosess etter at Scandic-kjeden kjøpte Rica Hotels tidlegare i år. Sunnfjord Hotel & Spa har i ei årrekkje vore eit populært hotell for både turisme, konferansar og arrangement, og dei satsar no vidare mot å styrke sin posisjon med nye eigarar. "Vi ser heile tida etter mulegheiter til å utvikle oss, for å gi eit best muleg tilbod for våre gjestar og kundar" seier direktør Odd Erik Gullaksen. Han nemner mellom anna eit sterkt fokus på miljø og samfunnsansvar, og at dei vil fortsette å satse på kulturelle arrangement, med mål om minst eit i månaden.

Rådgjevar i NHO Sogn og Fjordane Marit Gjerstad lèt seg imponere av dei tre bedriftene. "Vi har i dag møtt tre vidt forskjellige verksemder, som alle har stor verdi for næringslivet og samfunnslivet i fylket. Dei er alle viktige aktørar, som i tråd med våre satsingar har tydeleg fokus på det som er sentralt for framtidas næringsliv i fylket; innovasjon, rekruttering, samfunnsansvar og lokal forankring" seier Gjerstad.