Brexit skapar usikkerheit for norsk næringsliv

Eit knapt fleirtal har røysta for at Storbritannia (UK) skal melde seg ut av EU. Eitt av dei største utfordringane med det såkalla Brexit, er at det skaper ustabilitet i marknaden og dermed stor usikkerheit for bedriftene.

London Bridge Fotograf: Istock

#205

Publisert 04.07.16

Sogn og Fjordane

Dette råkar sjølvsagt først og fremst britisk næringsliv, men indirekte også Norge og norsk næringsliv. Det vil gå fleire år før UK får ein ny avtale på plass, og det er svært uheldig at EUs indre marknad blir brote opp og blir mindre. Ein lågare vekst i UK betyr dessutan mindre mulegheiter for norske bedrifter. Også europeisk økonomi vil kunne lide, noko som slår inn på norsk økonomi sidan vi er tett vevd saman med EU.

No kan det bli mindre interessant for norske bedrifter å investere i UK. NHO trur at bedriftene rett og slett vil nøle med å investere i UK når landet står på utsida. Er det noko bedrifter avskyr mest av alt, så er det usikkerheit. Det vil ta lang tid for UK å forhandle fram ein ny avtale med EU og i denne perioden vil det vere stor usikkerheit om rammevilkåra. For nokre bedrifter er det eit argument å vere i eit EU-land, fordi det gir betre tilgang til den indre marknaden. Denne fordelen fell vekk når britane melder seg ut.

Denne utmeldinga er dårleg økonomisk for britane. Men den er også ei utfordring for europeisk økonomi og verdsøkonomien. Ikkje minst fordi EU har slite med å få styr på økonomien etter finanskrisa. Utfordringane har retteleg stått i kø, og det er nok å nemne problema med Hellas, låg økonomisk vekst, høg arbeidsløyse og flyktningsituasjonen. EU sine leiarar arbeider no med eit ambisiøst reformprogram, men må heile tida forhalde seg til akutte kriser som tek merksemda bort frå reformarbeidet. Det EU treng aller minst no er endå ei intern krise. Ei utmelding av EU er svært komplisert fordi landa er så samanvevde gjennom lover og institusjonar. EU vil difor måtte forhandle i årevis om ei løysing med UK.

Sidan UK er ein av EU sine største økonomiar vil EU dessutan miste økonomisk tyngde på verdsarenaen når landet går ut. EUs indre marknad vil bli mindre og vi vil miste ei klar røst internt. Dette opnar opp for mange spørsmål som kan vere vanskeleg å svare på: Når britene går ut av EU, kan så EØS-modellen vere noko for dei? Og kan eit britisk utanforskap gje Norge større mulegheiter? Står vi sterkare saman med UK på utsida av EU, og kan vi forhandle fram betre vilkår?

EU-ekspert Tore Myhre i NHO er overraska over at den "norske løysinga" er presentert som eit seriøst alternativ frå utmeldingskampanjen i Storbritannia. Han meiner at det ikkje verkar som om dei har forstått at EØS er noko heilt anna enn ein vanleg frihandelsavtale, som berre omhandlar tollsatsar og marknadstilgang. I moderne økonomiar representerer lover, reglar, standardar og byråkrati vel så store barrierar for handel og investeringar som sjølve tollsatsane. Dette er grunnen til at EU sin indre marknad er basert på at alle medlemmane har dei same lover og reglar. Dette hindrar urettvis konkurranse slik at bedrifter frå alle medlemslanda har like sjansar i heile EØS-området. Det er difor Norge har forplikta seg til å vedta alle lover som er EØS-relevante slik at den indre marknaden skal fungere.

Det vil altså vere svært rart om UK vil vere med i EØS og dermed forplikte seg til å innføre alle reglar frå Brussel, men gje frå seg mulegheitene til å bestemme over dei same reglane. UK er eit av dei store landa i EU som i dag har svært stor innflytelse, både gjennom røysteandelen sin i Rådet, gjennom dei valde representantane sine i Europaparlamentet og gjennom sin deltaking i Europakommisjonen.

EU vil ikkje la eit land utanfor kunne velje berre dei lover og reglar som dei likar sjølve og sleppe å ta inn det dei ikkje likar. Dersom alle skulle opptre slik, ville heile EU rakne. Det einaste alternativet som dermed står att for UK er ei form for tradisjonell handelsavtale som er basert på lette når det gjeld toll, men med lite regelsamarbeid.

For Norge sin del vil det faktisk kunne vere negativt om UK skulle ønskje å melde seg inn i EFTA. Det vil kunne sette EØS-avtalen i spel og det vil vere det verste som kunne skje oss. Vi vil garantert ikkje få ein så god avtale som vi no har, og det vil vere uheldig å bli dradd inn i den negative prosessen som vil omkranse UK sine forhandlingar med EU. Det vil dessutan vere politisk svært vanskeleg for EU å gje UK ein god avtale. Då vil andre land som har sterke nasjonalistiske og populistiske grupperingar også kunne bli freista til å gjere det same, og det er ingen grunn for Brussel til å oppmuntre til ei oppsplitting av EU i ei tid der det er større global usikkerheit, også i høve til politisk og sosial uro, enn på lenge. Ein skal hugse på at EU aller mest er ei fredsbevarande samanslutning av frie europeiske statar.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419