Brukarane sine behov først

Norske kommunar må ta omsyn til at det snart vil bli forbode å diskriminere kommersielle aktørar ved offentlege tilbodsrundar. Det er EØS-avtalen som syter for at EU-lovgjevinga om ikkje-diskriminering også vil gjelde på området offentlig tilbod.

Stortinget Fotograf: Stortinget

Stortinget

Publisert 04.07.16

Sogn og Fjordane

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Det er ikkje endeleg avklart kva dato den nye lova vil tre i kraft, men i følgje regjeringa vil det skje allereie hausten 2016. Det vil difor vere uklokt av norske kommunar å haste igjennom nye tilbodsrundar den næraste tida berre for å skvise ut dei kommersielle før lova trer i kraft. Ein kan kanskje vinne billege ideologiske poeng, men brukarane av tenestene vil bli taparane. Det er jo logisk at dess fleire kvalifiserte tilbydarar ein kan velje mellom, dess betre sjanse er det for at den beste får oppdraget. 

I dagens norske regelverk, i forskrift for offentlege innkjøp (anskaffelsar), er oppdragsgjevar friteken frå plikta til å følgje dei detaljerte prosedyrereglane ved tildeling av kontraktar som dreier seg om helse- og sosialtenester, der ideelle organisasjonar er oppdragsgjevar. Ein har med andre ord rett, men ikkje plikt, til å stenge ute reint kommersielle aktørar frå konkurransar om slike kontraktar. Det kan såleis stillast spørsmål om sjølv dagens særregulering er i samsvar med EU/EØS-retten.

I det nye EU-direktivet om offentlege innkjøp, som skal køyrast gjennom i norsk rett i løpet av hausten for helse- og sosialkontraktar som overstig seks millionar kroner, er det lagt til grunn viktige prinsipp som kunngjering, likehandsaming og synlegheit/openheit. Direktivet inneheld ikkje nokon unntaksregel for tildeling av kontraktar om helse- og sosialtenester til ideelle organisasjonar. Å vedta ein regel som reserverer kontraktar til ideelle organisasjonar vil med dette vere i strid med nytt direktiv og EØS-avtalen. NHO sin klare bodskap er difor: Sett brukarane sine behov først. Gjer vi det har det mindre å seie om leverandøren er ein ideell eller kommersiell aktør.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419