Coaching og relasjonsleiing - studietilbod - vårsemester 2017

Alle leiarar treng påfyll av og til. Sidan 2009 har Folkeuniversitetet hatt tilbod om studiet coaching og relasjonsleiing 15 STP.

#205

Fotograf: iStock

Publisert 06.12.16

Sogn og Fjordane

No skal studiet i gang att i Førde med oppstart 12. og 13.januar 2017.
Klikk her for påmelding.

Forelesarane har lang erfaring og er blant dei mest røynde innan dette fagområdet i Norge. Om du vel å studere coaching hjå Folkeuniversitetet i Sogn og Fjordane, trur vi at du vil oppleve å få både fagleg påfyll i eit inspirerande miljø. I tillegg opplever mange fordelen av det nettverket ein kan få om ein deltek på dette studiet. Alle som tek coaching emne 1, vil m.a. få invitasjon til ei årleg nettverkssamling, der målet er å gje deg godt fagleg påfyll og høve til å knyte nye kontaktar.

Folkeuniversitetet samarbeider med Sogndal Fotball og fleire av deira leiarar som t.d. Håvard Flo har teke faget og er positiv til studiet. Sjå og andre referansar lenger nede i denne e-posten.

Innlevering av heime-eksamen, som er ein praksisrapport på 12 sider, innan 28 april 2017.

Tidspunkt på torsdagar vert frå kl. 10.00‐17.00 og fredagar frå kl. 09.00 – 16.00. Her får du tidspunkta for dei fire samlingane.

  • Samling 1 - 12. og 13. januar
  • Samling 2 - 02. og 03. februar
  • Samling 3 - 16. og 17. mars
  • Samling 4 - 20. og 21 april

Prisen for sjølve studiet er kr. 25.900,-. Eksamensavgift kr. 3500,- og bøker for ca kr. 1500,- kjem i tillegg.

Meir informasjon om sjølve studiet på 15 STP, finn du nedafor. Der finn ein og meir informasjon om dei andre modulane som ein og kan ta – coaching og relasjonsleiing emne 2 og emne 3.
Coaching og relasjonsleiing - plan Førde
Coachingpensum våren 2017
Programplan Coaching og relasjonsleiing.

 Tilleggsinformasjon om coaching og relasjonsleiing emne 1.
Det same studiet har tidlegare vore sett opp før m.a i Florø, Eid, Sogndal, Sandane og Førde og meir enn to hundre har no teke dette faget lokalt.

Det vil bli høve til vidare påbygging med emne 2 og 3 her i fylket for dei som ønskjer å gå vidare. Det er eit mål å kunne tilby 60 STP med coaching og relasjonsleiing lokalt.

 Det kan nemnast at heile trenarteamet til Strømsgodset med tidlegare trenar Ronny Deila i spissen har teke både coaching emne 1 og 2. Dagleg leiar Jostein Flo er og positiv til studiet.
Color-Line har og nytta dette studiet i mange år.

For meir informasjon om studiet ta kontakt med Folkeuniversitetet
ved Reidar Brandsberg på tlf. 47 65 69 06 eller reidar.brandsberg@folkeuniversitetet.no.