NHOs kvartalsrapport

Dårlege utsikter, men teikn til auka investeringar

Marknadsutsiktene framover er tydeleg negative slik dei var under finanskrisa. Men trass dette kan det vere forsiktige teikn til auka investeringar. Norsk økonomi er no veldig utsett, og utviklinga kan lett bli betydeleg svakare. Det kjem fram i NHOs nye økonomirapport.

Publisert 23.09.15

Sogn og Fjordane

I denne usikre situasjonen er det viktig at norske bedrifter får gode mulegheiter til å konkurrere internasjonalt.  Det blir krevjande dersom det no oppstår usikkerheit om innføringa av eit bedriftsskattesystem som er tilpassa utviklinga internasjonalt. 

NHOs kvartalsrapport, september 2015.

 Nedturen i oljesektoren påverkar altså framtidsutsiktene i NHO-bedriftene i stadig meir negativ retning. Det viser NHO sin kvartalsrapport som byggjer på rapportar frå kring 2 400 bedrifter over heile landet.  Samstundes tyder NHO sin investeringsindeks på at bedriftene kan ha blitt litt mindre negative til å satse. At utsiktene er svært mørke, samstundes som bedriftene igjen vurderer å investere, kan vere typisk for ein situasjon som er under endring. Men noko brei og markant betring for investeringane ser vi ennå ikkje. Bedriftene melder om færre viktige hinder for at investeringsoppgang skal skje. Det kostnadsmessige er på plass, mangelen på kompetent arbeidskraft er klart mindre viktig. Betre marknader vil dermed truleg utløyse meir investeringar i næringsverksemd. Også investeringsteljinga frå SSB kan tyde på ein liten oppgang i industriinvesteringane i 2016.

 Under denne oljenedturen har viktige motkrefter hindra ein tydeleg nedgang i norsk økonomi.  Svekka norsk krone har gitt vekst i eksport og reiseliv, og hushaldningane sitt forbruk og bustadinvesteringar har halde fram med å utvikle seg rimeleg bra. Men både valutakurs og hushaldningsgjeld representerer viktige risikofaktorar som kan svekke økonomien. Dette stiller strenge krav til rentepolitikken framover.

 Arbeidsløysa aukar, men det synest å vere mykje ledigheit som følgje av byte av jobb for grupper som er etablerte i arbeidsmarknaden. Likevel er det ei auke av unge personar utanfor arbeidsmarknaden med nedsett arbeidsevne.

 Haustens statsbudsjett blir viktig 

  1. Bruken av oljepengar på budsjettet er allereie no i 2015 forholdsvis ekspansiv etter sterk utgiftsvekst gjennom fleire år. 2016-budsjettet bør ikkje fråvike frå bana som no ligg inne. Det er særleg to grunnar til dette: 1) Omstillingane treng tid for å virke i økonomien og ressursane i form av arbeidskraft og kapital må få tid til å flytte på seg, og 2) for sterk utgiftsvekst kan føre til forventingar om snarleg renteauke og dermed sterk valutakurs igjen.

  2. Den svake investeringsutviklinga i fastlandsnæringane må motverkast gjennom god økonomisk politikk og ei skattereform som peikar i rett retning for norsk næringsliv. Forutsigbarheit og ro rundt skattereforma vil vere avgjerande for næringslivet sin tillit til den økonomisk politikken og rammevilkår generelt i Norge.

  3. God flyt i arbeidsmarknaden med effektive formidlingssystem for alle typar arbeidskraft blir svært viktig i tida framover. Fagopplæringspolitikken og arbeidsmarknadstiltak kan spele ei avgjerande rolle.
  4. Infrastruktursatsinga har vore
    gode dei seinare åra både for aktivitetsnivået i økonomien og langsiktig vekstevne i økonomien. Det bør følgjast opp i 2016 igjen.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419