Den norske potensial

Eit skifte frå bruk av fossile til fornybare råstoff er ein føresetnad for det såkalla lågutsleppsamfunnet.

Jan Atle Stang

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane Fotograf: Moment studio

Publisert 08.06.16

Sogn og Fjordane, Vi meinar

NHO meiner difor at vi må over frå ein "bruk-og-kast"-økonomi til ein gjenbruks- og bioøkonomi med reduserte klimaspor. Norge har svært gode føresetnader for ein berekraftig industriell produksjon av mat, fôr og produkt til ein stadig aukande global befolkning.

Lågare energibruk og betre utnytting av alt er avgjerande. Vi meiner at det norske potensialet for omstilling og vekst ligg i ein framveksande bioøkonomi der næringslivet baserer seg på biologisk fornybare ressursar som blir konvertert til mat, fôr, kjemikaliar, ulike material, bioenergi, biofarma etc.

Ei betre utnytting og gjenbruk av råstoff dannar grunnlag for ein ny, lønsam og berekraftig industri i Norge. Her kan også Sogn og Fjordane vere ein sentral aktør dersom vi er "på ballen". Vi har råvarene, energien, teknologien og kompetansen. Det som må styrkast i vårt fylke er ein kultur for samhandling og ein sterkare finansiell posisjon. Men her kan vi dra på nasjonale kvalitetar. 

Generelt kan vi seie at vi veit at når restar frå éin produksjonsprosess inngår som råstoff og grunnlagsmateriale i ein ny, blir det danna lønsame verdikjedar. Dette har vi gode døme på, bl.a. ved Elkem Bremanger. Når det gjeld mat er det slik at først i kjeden er sikker matproduksjon, så fôr og biomaterialer og til slutt energi eller gjødsel. Slik blir alt råstoff utnytta med minimale klimaspor, lønsame bedrifter som sel bearbeidde varer og tenester basert på biomasse blir etablert og fleire arbeidsplassar over heile landet blir skapte.

Norge og Sogn og Fjordane har som kjent store naturgjevne fortrinn. Sjølv med avgrensa landbruksareal, er norsk landbruk viktig som råvareprodusent til matindustrien, og spelar ei stor rolle både som arbeidsgjevar og verdiskapar i det norske samfunnet. Fiskeri, havbruk, skog og treforedlingsindustri har enorme uutnytta ressursar, inklusive uutnytta bifangst og restråstoff. All denne biomassen gir eit betydeleg potensial for auka verdiskaping i produksjon av ingrediensar til fôr- og matindustrien, og til biomateriale, helse- og farmasøytiske produkt samt bioenergi. Sett frå eit råvareperspektiv og med ein stor og veksande heimemarknad for fôr til bl.a. oppdrettsnæringa, er det såleis eit svært godt grunnlag for ei nasjonal satsing innan bioøkonomi.

Men NHO Sogn og Fjordane meiner at fleire forhold må på plass for å lukkast med ein industri basert på bioøkonomi. Det må først og fremst etablerast ein klar visjon om å skape ein ny, berekraftig og høgteknologisk industri basert på dei naturgjevne bioressursane våre. Skal vi oppfylle visjonen må fleire viktige faktorar utviklast i samspel. Vi må ha eit næringsliv som ser økonomiske mulegheiter i eit grønt skifte og i bioøkonomien, der teknologi og kompetanse for å løyse komplekse produksjonsutfordringar er vårt konkurransefortrinn. Og, ikkje minst, må næringslivet sikrast forutsigbare rammevilkår gjennom ei nasjonal satsing på bioøkonomien.

Dette må følgjast opp av det offentlege verkemiddelapparatet ved Forskningsrådet, Innovasjon Norge, SIVA og ENOVA, slik at både nye og etablerte bedrifter har økonomiske- og skattemessige insentiv for å satse. Politikarane og andre styresmakter må satse og investere over tid innan næringsrelevant kompetanse, slik at utdannings-, forsknings- og utviklingsmiljøa kan initiere langsiktig kunnskaps- og forretningsutvikling med forutsigbare rammevilkår. Politikarane sin første mulegheit i nær framtid er Regjeringa sitt arbeid med ein nasjonal strategi for bioøkonomi og den kommande industrimeldinga. Det må ikkje vere tvil om at NHO ventar gode resultat her.

Kronikk av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419