Det offentlege må vise privat sektor tillit

Offentlege og private føretak konkurrerer i stadig større grad med kvarandre om oppgåver retta inn mot det offentlege. Innanfor ei rekkje område ser vi at offentleg sektor ønskjer å ta over oppgåver som i dag blir, eller i morgon kan, leverast av private leverandørar.

#205

#120 Fotograf: iStockphoto

Publisert 12.07.17

Sogn og Fjordane, Vi meinar

At offentlege og private verksemder utfordrar kvarandre gjennom reell konkurranse, dvs. på same vilkår, kan vere positivt. Ikkje minst fordi det skaper fleire alternativ for brukarane. Det kan også føre til heving av kvalitet, «rett» pris, og ikkje minst auka innovasjon.

Men vi kjem uansett ikkje unna at det offentlege si hovudoppgåve først og fremst er å drive god forvaltning, samt gjennomføre lovpålagde oppgåver i klassisk forstand. Vi meiner difor at t.d. kommunane heller bør velje ei bestillarrolle og systematisk søkje å trekke på private bedrifter som partnarar for utvikling av offentleg sektor; i staden for å konkurrere med små og store private aktørar, gjerne med langt gunstigare rammevilkår enn dei private kan stille med.

Ofte høyrer vi uttaler om at dei private verksemdene tenar for mykje pengar og at tenestene er dyre. Då er det viktig å påpeike at når det offentlege leverer tenester sjølv, så blir det finansiert over ein utgiftspost i Statsbudsjettet. Dei private bedriftene må skape arbeidsplassar og verdiar heilt på eigen kjøl.

Det er vel dessutan ganske logisk at dersom ei bedrift skal kunne drive forsvarleg, utvikle seg og sikre arbeidsplassar, ja, så lyt bedrifta tene pengar. Ingen kan vel vere imot det? Ingen kan vel vere imot at bedrifta som kanskje held liv i lokalsamfunnet, som har tilsett naboen din eller eitt av familiemedlemmene dine, skal tene pengar og sikre at dei har trygge jobbar?

Det er også slik at private føretak svært ofte vil kunne gjere jobben både billegare og betre enn det offentlege, men blir likevel avviste. Vi har sett fleire døme både det, ikkje minst innan vaskeri- og reinhaldsbransjen. Og ingen kan vel påstå at vaskeri og reinhald, eller for den del søppelhandtering, digitalisering, etc. er det offentlege sine openberre  kjerneoppgåver. Slike ting kan og bør det private næringslivet kunne ta seg av; vel og merke dersom dei kan konkurrere på pris og kvalitet; under elles like rammevilkår.

Dersom det offentlege skal ta hand om alt sjølv, også oppgåver som dei normalt verken bør eller skal drive med, då kveler ein samstundes det lokale, private initiativet og det vil då skje lite utvikling med tanke på m.a. digitalisering, omstilling og forenkling. Ei slik utvikling vil dessutan svekke konkurransekrafta til norske private bedrifter. Det er dramatisk når vi veit at det er i dei private verksemdene det blir jobba med innovative, smarte løysingar for å møte morgondagens utfordringar i samfunnet vårt.

Det er altså ingen fornuft i at det offentlege skal ta over oppgåver som i dag blir levert av private og som fungerer utmerka. Digitalisering og omstilling i privat sektor har ført til betre ressursbruk og reduserte kostnader. Offentleg verksemd går i motsett retning og tilset endå fleire folk for å løyse oppgåvene. Resultatet er at dei offentlege kostnadene aukar enormt. Det er ei utvikling i feil retning! Vi registrerer også at fleire kommunar innfører eller aukar eigendomsskatten for å forsvare desse stadig aukande kostnadene. Det råkar ikkje minst bedriftene kringom i distriktet.

Innanfor det offentlege ser vi no fleire døme på at tilbodsregelverket ikkje blir følgd eller at tilboda har større fokus på pris enn kvalitet og miljø.  Frå 1. januar i år kom det endringar i regelverket for offentlege kjøp der desse tilhøva skal takast omsyn til, samt at det blir stilt krav om lærlingar i dei bedriftene som skal levere til det offentlege. Det er bra. 

Men innkjøpskompetansen er svært ulik kringom i kommunane og tilbod på feil grunnlag, eller i verste fall manglande tilbod, kan få mange uheldige konsekvensar. Når offentleg verksemd opptrer i marknaden stiller dette nemleg store krav til ei profesjonell handtering av rollene som styringsorgan, bestillar og utførar. Det gjeld m.a. handtering av habilitet og dobbeltroller, samt å forsikre seg om at det ikkje går føre seg ulovleg kryssubsidiering og misbruk av marknadsposisjonen til den offentlege verksemda.

Det er behov for eit kompetanseløft blant offentlege innkjøparar for å syte for at offentlege innkjøp blir eit strategisk verktøy for å vidareutvikle offentlege tenester, forvaltning og for norsk næringsliv. Eit godt samarbeid mellom offentleg og privat sektor vil utan tvil gagne oss innbyggjarar som stadig krev betre og meir moderne løysingar i dei offentlege tenestetilboda.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane