Det viktigaste er å skape nye arbeidsplassar

Nokre er uroa for den "nordiske modellen" vår når vi vil fjerne formuesskatten. Men er det eigentleg slik at vi misser noko verdfullt om vi endrar på skattesystemet slik at det blir meir skatt på dyre bustader og hytter og mindre på næringsverksemd?

Publisert 08.03.16

Sogn og Fjordane

Nei, i Sverige og Danmark har dei langt på veg gjort slike endringar og dei vil ikkje tilbake. Sosialdemokratar over heile Europa har stort sett gjort det same.

NHO sitt forslag går på å redusere skatten til dei som i hovudsak har plassert formuen i bedrifter i  staden for i dyre hus og hytter. Vi trur at eit skattesystem som bidreg til å vri sparinga inn mot det som skaper arbeidsplassar i staden for inn i påkosta bustader, også vil hjelper mange med låg inntekt. Investeringar i nye arbeidsplassar vil altså komme låginntektsgruppene til gode. 

Høg skatt på kapital kan nok vere eigna dersom det er eit ønskje "å ta dei med mest ressursar", men det er neppe det beste verkemiddelet dersom målet er auka omfordeling og å løfte dei med minst ressursar. Det er ein nærliggande tanke å bruke skatt på kapital til omfordeling. Få ville valt eit samfunn med ekstreme ulikskapar.  Gjennom skattesystemet burde vi då kunne omfordele inntekt mellom kapitaleigarane med høge kapitalinntekter i toppen og dei utan inntekt i botnen. Det viser seg at det ikkje er så enkelt. Kapital er eit vanskeleg skatteobjekt. 

Progressiv skattlegging av arbeidsinntekter er muleg utan alt for store negative effektar for økonomien. Dei fleste land har det. Høg skatt på kapital er derimot kostbart fordi kapitalen er svært skattesensitiv. Det betyr at investeringane blir svekka når skatten blir auka, anten gjennom redusert sparing eller ved at kapitalen blir flytta til land med lågare skatt. Difor skattlegg dei fleste OECD-land kapitalinntekter med ein relativt låg skattesats, og let stort sett vere å skattlegge kapitalbehaldning, med unntak av lite mobile objekt som fast eigendom. 

Dess meir omfordeling ein ønskjer i eit land, dess høgare skatteinntekter må til for å finansiere tiltaka for låginntektsgruppene. Dei nordiske velferdsstatane er i denne kategorien. Med eit høgt skattetrykk er det særleg viktig at skattesystemet er utforma slik at det ikkje råkar bedriftene si verdiskaping. Og då treng vi ordningar som ikkje er dårlegare enn dei ein elles har i Europa. 

Når norsk eigarskap kjem dårlegare ut enn utanlandsk eigarskap på grunn av feil innretning på formuesskatten, vil det komme til å få store konsekvensar for bedriftene si evne til å kunne oppretthalde arbeidsplassane. Slike kan vi ikkje ha det. Formueskatten må fjernast på arbeidande kapital eller i det minste reduserast monaleg! Dagens situasjon for store deler av norsk industri tilseier at det hastar med å få gjort grep her.

Kontakt oss

Jan Atle Stang

Regiondirektør

NHO Sogn og Fjordane

jan.stang@nho.no
Telefon
90576419